I morgon opnar Karin sommarutstilling på biblioteket

Her har kunstnar Karin Bøe skapt noko heilt nytt av gamle tekstilar. (Pressefoto).

Her har kunstnar Karin Bøe skapt noko heilt nytt av gamle tekstilar. (Pressefoto).

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

«Ei anna historie – ei tekstilutstilling av Karin Bøe» er namnet på utstillinga. Bøe er etter kvart eit velkjent namn mellom kunstinteresserte. Til dagleg er 60-åringen lærar i Kvinnherad kulturskule, og i tillegg brukar ho tid på å laga kunst på fritida. I biblioteket denne sommaren er det tekstilkunsten hennar vi får sjå. I ei pressemelding er den slik omtalt:

«Karin Bøe arbeider mellom anna med brukte tekstilar som har si eiga historie og gir assosiasjonar. Ho samlar på gamle tekstilar som dukar, åkle, puter og liknande som gjerne er slitne og øydelagde. Desse gir inspirasjon. Tekstilane har sine eigne historier. Karin Bøe lagar nye historier. Ho er oppteken av komposisjon, uttrykk, tekstur og det handtverksmessige. Utstillinga viser nye arbeid, men også arbeid frå utstillinga «Parallelle tankar og doble ord» frå 2012».

Bøe har fem års utdanning i teikning, maling og tekstil. Bak seg har ho fleire utsmykkingsoppdrag og mange utstillingar, blant anna i Galleri G Guddal og på Rosendal Mat- og kunstfestival i 2012.

På opninga laurdag er Karin Bøe til stades for å fortelja om bildekunsten sin. Kristin Schulerud spelar eigenkomponert musikk på piano.

Utstillinga blir ståande like til 12. august.

– Dette er ei svært spennande utstilling, og vi håpar mange tar turen til biblioteket denne sommarlaurdagen, helsar biblioteksjef Trude Hege Bergesen.

Artikkeltags