Ny fotokunst-utstilling på klosteret

Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Søndag opnar ei stor gruppeutstilling med verk av alle dei fem fotografane som var på kunstnaropphald i klosteret i fjor.

DEL

Utstillinga har fått namnet Spådom og skimrande erindring og blir ståande frå 20. mai til 10. juni. Dei fem fotokunstnarane er Jane Fulton Alt (USA), Gabriela Morawetz (Polen/Frankrike), Naoyuki Ogino (Japan), Natan Dvir (Israel/USA) og Zhen Shi (Kina/Frankrike). I år vert ein større del av huset nytta til utstillinga – mellom anna vert eitt av verka vist i Nordfløyen.

Utstillinga vert opna av Linda Øen, rådgivar for kultur og idrett i Kvinnherad kommune. Det vert òg eit musikalsk innslag ved Tiril Eirunn Einarsdotter.

Verka varierer frå direkte interaksjon med naturen, via dokumentasjonsfotografi, til video og Voluspå. Ei pressemelding (her i ein nedkorta versjon) frå Klosteret fortel dette kunstnarane:

Jane Fulton Alt

bur og arbeider i Evanston, Illinois, ved Lake Michigan. Ho arbeider mykje med utgangspunkt i natur og mennesket sitt forhold til naturen, og har heile livet hatt eit særleg forhold til vatn og sjø.

På Halsnøy jobba ho i direkte nærkontakt med naturen. Ho valde å bruka ein fotografisk teknikk frå 1840 kalla cyanotypi, der eit vanleg papir vert påført ein emulsjon som reagerer på UV-lys. Jane brukte mellom anna tang frå stranda og andre objekt ho fann, og la desse oppå papiret i sollys. Prosjektet har fått tittelen «Drawn from the Sea».

Gabriela Morawetz

er fødd i Polen, men bur no i Paris. Sidan 1992 har ho arbeidd med fotografi og video.

Under opphaldet på Halsnøy laga ho eit videoverk med tittel «Eldrun» og ein serie fotografi med tittel Voluspå. Om arbeidet sitt på Halsnøy skriv ho «eg hadde ei kjensle av at alle elementa, vatn, stein, vind og skyer hadde ei sterkare meining her enn andre stader. Ein dag fann eg mellom mose og stein nokre kvite bein av dyr, og visste at desse var viktige for meg å bruka. Eg leika med desse beina i nokre dagar, til eg møtte Eldrun. Ho framførte ei perfekt tolking av den nesten hypnotiske seremonien eg hadde sett klart for meg i tankane. Då eg seinare fann samanhengen med Voluspå diktet, fekk det heile ei spesiell meining».

Naoyuki Ogino

er fødd i Tokyo, men bur no i Kyoto, Japan. Han har utdanning frå avdeling for astrofysikk ved universitetet i Nagoya, Japan, og i fotografi frå universitetet i Queretaro, Mexico.

Shimmer of Vanir: Då han kom til Halsnøy opplevde han at omgjevnadane sakte spegla ei ny oppleving i han. Det skimra frå alt han såg, sjø og lauv og anna. Ingenting var konkret, berre skimmer av lys. Då han etter kvart oppdaga den norrøne historia om Vanene, eller Vanir – som var knytte opp mot fruktbarhet, visdom, natur, magi og spådom – kjende han på ei tilknyting til det norrøne folket.

Han seier: «dette opplevde eg som eit fenomen som er inni oss, kanskje relatert til noko vi mista i barndommen. Men det er ikkje borte. Det er alltid her eller der i korte augneblink, lik Higgs-boson som i kvantefysikk og partikkelfysikk vert kalla «guds-partikkel». Det er svært vanskelig å dokumentera at den eksisterer».

Natan Dvir

er frå Israel, men er basert i New York. Han har utdanning frå universitetet i Tel Aviv, og mastergrad i fotografi frå School of Visual Arts i New York.

Om opphaldet på Halsnøy seier han: «Gjennom heile mi karriere har eg fokusert på menneske, og dokumentert dei innanfor forskjellige tema. På Halsnøy bestemte eg meg for å gå laus på ei heilt ny utfordring og sjå på mitt forhold til motivet medan eg fokuserte på eit landskap utan menneske».

Natan bestemte seg for å arbeida med steinbryggja på klosteret, og ser den som eit unikt kontaktpunkt mellom land og sjø, mellom fortid og framtid, mellom fastbuande og besøkjande, mellom årstidene, mellom det som er og det som kan verta.

Zhen Shi

er frå Shandong i Kina, men bur og arbeider i Paris. I tillegg til utdanning i fotografi frå École EFET i Paris, har ho og utdanning i språk, litteratur og framand kultur.

Arbeida hennar handlar for det meste om forholdet mellom realitetar og minne henta frå personleg erfaring, og ho prøver å balansere dette saman med tid.

Eit par månader etter opphaldet på Halsnøy var Zhen i Brüssel, der ho vart fråstolen PC og eksterne harddiskar som inneheldt alt arbeid ho har gjort dei siste to åra. To filmar frå Halsnøy var levert til framkalling, og ho berga berre eit par bilde derfrå. Zhen syner difor eit lite utsnitt av eit verk kalla Memories of Things Past, som ho har arbeidd med dei siste åra. Ho fann ei dagbok på ein loppemarknad, som var signert LLDM. Dagboka fortel om reiser, kjærleik og familie i tida frå 1872 fram til 1954. Saman med dagboka fann ho òg brev, fotografi og anna informasjon. Resultatet vart presentert i ei handlaga bok, og seinare i utstilling.

Artikkeltags