Laurdag opnar Galleri G Guddal sesongen med fire spennande kunstnarar

Dei emaljerte smykka til Camilla Prytz er sterkt inspirerte av barndomen hennar på 70-talet, og desse "auga" er blitt populære anheng. (Pressefoto).

Dei emaljerte smykka til Camilla Prytz er sterkt inspirerte av barndomen hennar på 70-talet, og desse "auga" er blitt populære anheng. (Pressefoto).

Artikkelen er over 1 år gammel

Laurdag inviterer Galleri G Guddal til sesongopning og utstillingsopning med kunst av Bjarne Melgaard og Sverre Bjertnæs, Kjell Nupen og Camilla Prytz.

DEL

I år feirar Galleri G Guddal 25 år, og denne palmehelga blir det opning av jubileumsåret, heiter det i ei pressemelding frå gallerieigar Gøril Guddal. Koret Strupebandet frå Halsnøy skal syngja denne laurdagen, og galleriet stiller med nytt serveringslokale.

Samarbeidsprosjekt

Dei to kunstnarane Bjarne Melgaard og Sverre Bjertnæs samarbeider om bilde i utstillinga «Noe må gå i stykker», der dei jobbar i eitt og same bilde. (Pressefoto).

Dei to kunstnarane Bjarne Melgaard og Sverre Bjertnæs samarbeider om bilde i utstillinga «Noe må gå i stykker», der dei jobbar i eitt og same bilde. (Pressefoto).

Bjarne Melgaard og Sverre Bjertnæs starta det norske kunståret med felles utstillingar i Oslo og fleire andre stader rundt i landet, og fekk ein knallstart med tidenes medieoppslag i TV, aviser og på nett. Melgaard har flytta frå New York og heim til Norge. Han er midt i diskusjonen om å setja opp bustaden «A house to die in» på Ekely ved Edvard Munch sitt atelier. Snøhetta teiknar huset. Som vanleg blir det støy rundt kunstnaren.

Sverre Bjertnæs gjekk ut frå kunstutdanninga for omlag 20 år sidan som eit nærast genierklært talent, og ligg i dag heilt på toppen av norske kunstnarar. Med samarbeid med Håkon Bleken (som ein også finn på veggene i galleriet) som ei særskild fjør i hatten.

Melgaard og Bjertnæs har laga utstillinga «Noe må gå i stykker» som eit samarbeidsprosjekt der dei begge jobbar i eitt og same bilde. Totalt 34 etsingar, monotypiar og silketrykk kjem til Guddal! Faktisk også ein god del handkolorerte trykk – eksklusivt. Bilda bygger på ei felles interesse for litteratur, og den norske forfattaren Stig Sæterbakken (1966 – 2012) har vore inspirasjonen.

Verk av Nupen

Dette verket heiter «Forgotten memory», og er eitt av dei Kjell Nupen laga før han døydde. Dette og mange fleire blir å sjå i Galleri G Guddal. (Pressefoto).

Dette verket heiter «Forgotten memory», og er eitt av dei Kjell Nupen laga før han døydde. Dette og mange fleire blir å sjå i Galleri G Guddal. (Pressefoto).

Kjell Nupen (1955–2014) sine bilde har vore viste fleire gonger i Galleri G Guddal. Sist med stor utstilling i 2015. Denne gongen har galleriet fått 20 motiv frå samlinga som er igjen etter han. Her er det mange nydelege bilde – nokre har vi sett før, men dei fleste er nye for publikum. «Forgotten memory» var med på førre utstilling, men blei fort utseld. Dette var eit av dei siste verka til Nupen, og han rakk ikkje å signera heile opplaget. Dette er no ordna ved sertifisering frå advokat og trykkeri slik at vi igjen kan sjå dette store, fantastiske bildet med den fine blåfargen. Det er berre å gle seg, lokkar Guddal i pressemeldinga.

Smykke

Smykkekunstnar Camilla Prytz stiller ut smykke i sølv og emalje. (Pressefoto).

Smykkekunstnar Camilla Prytz stiller ut smykke i sølv og emalje. (Pressefoto).

Smykkekunstar Camilla Prytz viser smykke i sølv og emalje. Den førre utstillinga hennar i galleriet var i 2005, der ein fekk sjå smykke og fat i sølv og glas. Prytz starta som glaskunstnar, men har gått meir og meir over til smykke og er i dag ein av dei store smykkekunstnarane i Norge. Ho lagar framleis arbeid i glas, som til dømes nydelege vasar i samarbeid med andre glasmeistrar. Prytz kjem stadig med nye produkt, så det er spennande å følgja henne, skriv Guddal.

Utstillinga med dei fire kunstnarane står til 13. mai.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags