Maleri og skulpturar i Galleri G Guddal

FRIELE: Fargesterk kost frå Bodil Friele si hand. Pressefoto

FRIELE: Fargesterk kost frå Bodil Friele si hand. Pressefoto

Artikkelen er over 1 år gammel

Laurdag 19. mai (pinseaftan) opnar Bodil Friele og Malene Dekke Eik utstilling i Galleri G Guddal.

DEL

I samband med utstillingsopninga blir det musikk ved Atle Fredheim og Gina Aspenes – song og gitar. Pressemeldinga frå galleriet fortel følgjande om kunstnarane og kunsten:

Bodil Friele

Inne i galleriet blir det stort sett fargesterke maleri, nokre med tekst.

Det fargerike vedaladet som står ved inngangen til Guddalstunet og galleriet i Guddal er laga av Bodil Friele. Vedaladet var med på den førre utstillinga kunstnaren hadde i Galleri G Guddal i 2014; «Natur og kultur».

I sitt nyaste prosjekt går Friele sterkare til verks og strippar eit heilt lite skogholt for greiner og kratt, slik at det som står igjen er nakne stammer av gran midt i skogen. Dei ranke stammene blir farga turkis med eit hjarte av raud eføy midt mellom trea. På denne måten endrar ho naturen til eit abstrakt maleri.

Nettopp det at ho med utgangspunkt i det naturlege skapar ein abstraksjon er ganske sentralt i måten Friele har valt å arbeida med trevirke på. I tidlegare seriar har ho snitta opp trestammer, laga mikado av hesjestaur og brent tatoveringar inn i tre. Prosjektet med å fargeleggja skogen er slik sett ei forlenging av eit langsiktig kunstnarisk prosjekt som handlar om vekst og fall og om at naturen er forgjengeleg. Bruken bruken av fargar får oss til å stoppa opp og merka oss verket. Må sjåast! www.bodilfriele.com

Malene Dekke Eik

Den andre kunstnaren er nettopp ferdig med kunststudium i Melbourne, Australia. Malene Dekke Eik er fødd og oppvaksen i Rosendal. Ho jobbar under kunstnarnamnet Von Dieche, og har kunstutdanninga si frå RMIT University i Melbourne, Australia.

I utstillinga syner ho fram arbeid frå den nye serien «Fragmenter». Den utforskar forholdet mellom kunst i gallerirommet og gatekunst. Utforskinga mellom desse to stadene er realisert gjennom serieprosessar ved hjelp av tradisjonelle oljemaleriteknikkar, spraymaling, skulptur og fotografering.

Bileta hennar er baserte på realistiske portrett og figurative oljemaleri, kombinert med skulptur. Skulpturelementet av kunstverket er laga av gips og etterliknar strukturen av murstein, som ofte blir funne i bakgrunnen av gatekunst.

Nettside: vondieche.com

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags