Ein av Norges største samtidskunstnarar, Terje Brofos kjent som Pushwagner, døydde natt til tysdag 24. april 2018. Denne saka stod på trykk i papiravisa til Kvinnheringen tysdag 8. juli 2014. Dette er første gong saka blir publisert i sin heilskap på nettavisa.

Han er her, i «vesle» Kvinnherad, på tunet til Gøril Guddal. Han er ikledd den karakteristiske svarte dressen og har på svarte solbriller, håret er kjemt bakover. Det første han gjer er å klemma tilfeldige personar i folkemengda rundt som har stått og teke imot han. Som har venta på å få sjå han og bilda hans. Dei ler, begeistra over påfunnet hans. Pushwagner smett mellom folk, opp på låvebrua, der folk har stilt seg i ein boge. Han dansar og svingar seg rundt. Brørne Sebastian og Tobias Lamberg Torjusen heidrar kunstnaren med fanfare på tuba og trombone. Pushwagner skriblar i veg på eit kvitt ark, som han seinare signerer og gir til musikarane.

 

Truleg ei fin løn å få for spelejobben; eit portrett laga av sjølvaste Pushwagner. Så kjem Gøril Guddal opp for å presentera kunstnaren Pushwagner og opna utstillinga. Fleire gonger blir ho avbroten av Pushwagner, blant anna når han spring mot ho med ein bukett markblomar han har fått av ei dame, og nærmast kastar dei på ho. Eller som når han opnar låvedørene og forsvinn.

Men Gøril taklar dei uforutsette «hyssa» bra. Det blir aldri pinleg. Ho spelar på lag med den eksentriske kunstnaren.

– Ikkje ta traktoren, då, Pushwagner! ropar ho til han. Publikum svarar med latter.

 

Eit tilbod

Telefonen ringer, klokka er 12.34 fredag.

– Hei Mona, det er Gøril her! Kva seier du til å intervjua Pushwagner i bilen, på veg frå frisøren tilbake til Guddalstunet igjen? Han har fått ein frisørtime klokka tre, og etter det får han det travelt fram til utstillingsopninga.

– Oisann! Ja, eg må jo nesten berre takka ja til det! seier eg, litt paff. Eg avtalar med gallerieigar Gøril Guddal å møta Pushwagner på Helenes Frisørsalong i Rosendal.

På veg innover i bilen kjenner eg sommarfuglane godt i magen. Det er vanskeleg å vita kva eg skal forventa i møte med ein kunstnar av Pushwagner sitt kaliber. Eg såg nyleg dokumentaren om han då den gjekk på NRK2. Kva humør er han i denne dagen? Vil han lika meg, eller vil han bli irritert på meg og nekta å svara på spørsmål? Kor mykje får vi tid til på ein liten køyretur? Eg prøver å blokkera ut tankane, for eg veit jo at det aldri blir slik ein trur uansett.

Førsteintrykk

Eg parkerer bilen og går til frisørsalongen. Er han der allereie mon tru? Eg går inn døra. Nei, ingen Pushwagner. Frisør Aud-Helene Øen ser overraska ut over å sjå meg.
– Hei, skal du klyppa Pushwagner, du? spør eg lattermildt.

– Oi, har du fått greia på det òg du?
Eg forklarer avtalen med Gøril, og spør om ho ikkje er nervøs ho og?

– Jo, eg er veldig spent. Det blei veldig på sparket dette!

Ho får ein telefon. Det er Stefan, manageren til Pushwagner som køyrer bilen, som ikkje finn heilt fram. Eg går ut for å guida dei.

– Så bra at du kunne henta oss, seier Stefan og tar meg i handa. Den høge, venlege mannen med Kristiansand-dialekt smiler varmt til meg. Pushwagner, ein lågare og mykje tynnare silhuett, trør ut av bilen. Han har grå blazer på seg, og svarte solbriller. Han tar meg i handa, og spør:

– Har eg helst på deg før?

– Nei, svarar eg høfleg.

Vi traskar saman opp til frisørsalongen, og eg spør Pushwagner kva han synest om Rosendal.

– Fantastisk. Guddommeleg! Men naturen her er farleg.

Ventetid

Vi går inn i frisørsalongen til Aud-Helene. Ho tar hand om Pushwagner medan eg og Stefan set oss ned i to stolar. Medan vi ventar fortel Stefan at det har vore hektisk på Pushwagner dei siste månadane. Han jobbar med det som truleg blir Norges største kunstverk, 130 gonger 10 meter stort. Det skal stillast ut i Pushwagner sitt eige galleri på Tjuvholmen utanfor Oslo. Inn døra til salongen kjem Magnus (2) og Henrik (5) Hjelmeland Steinsvik. Dei fekk sin frisørtime forskuva på grunn av Pushwagner. Som plaster på såret lar Stefan dei velja seg kvart sitt visittkort med Pushwagner-motiv på eine sida, og får Pushwagner til å signera dei. Aud-Helene er ferdig å klyppa og ta skjegget til Pushwagner. Ho har føna håret luftig og høgt, slik Pushwagner bad om. Det første han gjer då ho har teke av han frisørkappa er å gå bort til vasken og ha vatn i håret, og kjemma det stramt bakover.

 

Farlege fjell

Vi går til bilen. Pushwagner ryddar ting vekk frå baksetet, og set seg inn med meg. Stefan køyrer mot Guddal.

– Når visste du at du ville bli journalist? Blei du pressa til det av foreldra dine, eller valde du det sjølv? Det er visst Pushwagner som intervjuar meg.

– Eg valde det sjølv, då eg var 15 år og byrja på medium og kommunikasjon på vidaregåande.

Pushwagner tar handa mi og held den ei stund.

– Bra. Så det er berre naturen her som er farleg, menneska er snille. Eg er redd desse fjella skal falla over meg, eg blir gudfryktig. Naturen er så mektig, den kan eta oss. Det er dette som er Gud for meg, naturen.

– Du har så varme hender, seier han.

– Berre spør meg du, seier Pushwagner, som i at eg kan få intervjua han.
– Korleis har du det før ei utstilling? spør eg.

– Eg har det på same måten som om eg ikkje hadde hatt ei utstilling. Eg har halde over 100 utstillingar i inn- og utland i mitt liv.

– Har du eit favorittverk av dine eigne?

– Nei, faktisk så... Eigentleg så interesserer eg meg lite, berre bilda gir meg – sidan eg ikkje har noko anna formell utdanning – eit levebrød! Det hadde eg aldri rekna med. Men då Stefan kom inn, har det tatt seg opp dei siste 15 åra, noko heilt utruleg.

– Liker du merksemda du får? Synest du det er moro?

– Det gjer eg. Den merksemda er det viktigaste for meg. Eg blir så glad og i godt humør av det, viss eg er i form. Og det er eg no.

Pushwagner ser ut vindauget.

– No er vi på baksida av det jævla fjellet, det der stygge fjellet der, det er så fælt!

– Stygt for deg. Men det er jo ein flott stad. Det er skremmande for deg, kva? seier Stefan og ser på Pushwagner i spegelen.

Vi nærmar oss Guddalstunet og ser skiltet på løeveggen.

– Har du sett dette galleriet? seier Pushwagner.
– Nei, eg har ikkje det.

– Då må vi gå saman! Alle er så flinke her!
– Å få ting til, tenkjer du?

– Ja!

Gåvmild

Vi går inn i nye Galleri G Guddal, det som tidlegare var ei løe. På rekkje og rad heng fargerike verk av Pushwagner, 33 til saman. Nokre serigrafi, nokre «digital graphic artwork» og nokre handkolorerte grafiske blad.

– Kan eg få ta eit bilde av deg her?

– Ja, vent då, eg må sjå litt sånn «trist gammal mann»-ut, seier Pushwagner spøkefullt, og lutar ryggen.

– Ja, det blei bra! seier han når han får sjå bildet.

– Det er jo hyggeleg at journalisten får ei bok, er det ikkje, Pushwagner?

– Få? Ja, eg har jo lova deg det, har eg ikkje? seier han til meg.

Eg ristar på hovudet. Men likevel pakkar dei inn to bøker, kunstboka Pushwagner, og bilderomanen SOFT CITY. Stefan forklarar at Pushwagner er svært gåvmild. Han kunne truleg gitt vekk heile utstillinga, viss ikkje nokon hadde stoppa han. Eg er litt overvelda, og tenkjer med meg sjølv at eg må hugsa å seia til Gøril at eg gjerne kan betala bøkene sjølv seinare.

 

Jordbær og portrett

Vi går til Vangshuset og sett oss ned inne på kafeen. Stefan får jentene på kjøkenet til å finna skåler til oss. Han har kjøpt norske jordbær frå ein kar i Skålagato.

– Det er så godt med jordbær med fløyte og sukker på! Skikkeleg sommarsmak, smiler han, og eg nikkar medan eg mumsar i meg.

Pushwagner forsvinn ei stund, eg og Stefan pratar saman og et i mellomtida.

– Kva var grunnen til at du bestemte deg for å hjelpa Pushwagner? spør eg, og viser til då Stefan møtte Pushwagner då han var rusmisbrukar og langt nede.

– Det var nok fordi eg var fascinert av kunsten hans. Elles hadde eg nok ikkje gjort det. Eg hadde tidlegare kjøpte ein kollasj av han som han laga på 70-talet, og så trefte eg han igjen i 1999 på Felix, ein uteplass på Solli Plass i Oslo. Eg synest det var for ille at ein så dyktig kunstnar skulle ha det slik, så eg hjelpte han med eit atelier der han kunne bu og jobba med kunsten.

Pushwagner kjem tilbake i rommet. Han set seg ned overfor meg, opnar boka han ville gi meg tidlegare, og startar å teikna i den med svart tusj.

– Det var ikkje særleg fint, Pushwagner, seier Stefan.

– Eg er ikkje ferdig! Eg har ikkje teikna augene hennar enda! Ho har vanskelege auge å teikna. Pushwagner ser på meg gjennom solbrillene.

– Det var betre, kommenterer Stefan.

 

I baksetet

Vi går ut på tunet igjen. Der står Eivind Tvedt med ein raud og kvit Mustang Cabriolet. Pushwagner har skifta til svart dress, og har ei svart alpelue på hovudet.

– Vil du ikkje vera med i bilen då? Det blir sikkert artig for deg, seier Stefan. Eg blir litt overraska, men som så mange gonger tidlegare i dag er det enda eit tilbod eg ikkje kan takka nei til. Eivind smiler til meg, og eg hoppar inn i baksetet. Han køyrer oss til Omvikdalen. Pushwagner fortel røvarhistoriar, som heilt sikkert er sanne, og vekslar mellom norsk og engelsk. Eg og Eivind må le av mykje av det han fortel.

– Du skriv vel ikkje noko av dette? forsikrar Pushwagner seg om. Eg ristar på hovudet. Ikkje alt eignar seg på trykk.

Første stopp er Eivind sitt kraftverk inst i Omvikdalen. Pushwagner finn på mykje rart, og showar for kamera. Han poserer ved maskinane inni kraftverket, og på panseret på bilen. Han hoppar opp på ryggen til Eivind, og vil leikeslåst.

 

– Såg du det? seier Pushwagner til meg medan eg knipsar vilt med kameraet.

– Det må sjå ut som vi slåst!

Vi køyrer vidare med vind i håret, det er utruleg varmt i lufta. Det har ikkje regna ein dråpe i ettermiddag, slik det var meldt. Flaks. Stopp nummer to er baren Eivind har bygd sjølv. Pushwagner lar seg imponera, han synest baren er fint dekorert. Det er fyr i peisen, og Pushwagner får seg ein liten dram før vi må vidare. Klokka nærmar seg 18 og utstillingsopning. Vi stoppar ved Harding for å plukka opp Stefan, og når vi nærmar oss galleriet hoppar eg av. Eg vil få med meg opninga og Pushwagner sin entré frå avstand, og går opp til fots.

«Selfie» med Pushwagner

– Skal vi berre begynna, då? spør Gøril Pushwagner.

– Ja, skal vi ikkje berre det?

– Jo! Då er utstillinga herved opna! seier Gøril i mikrofonen. Pushwagner banar seg veg ned til galleriet, og folkemengda følgjer på. Der inne sit han ved eit bord og signerer for harde livet. Og køen er lang. Mange tar «selfies», bilde, ilag med han. Fleire kjøper seg eit bilde, og Pushwagner stiller villig opp på bilde saman med kjøparane. Alle vil ha ein bit av Pushwagner, og han gir fansen det dei vil ha.

 


Ei av dei er Anny-Irene Mykkeltvedt frå Flåm, som sikra seg «Baby Trip».

– Han sa eg skulle ha det over senga! Kanskje det, eg veit nemleg ikkje kor eg skal ha det!

– Hadde du bestemt deg for å kjøpa eit bilde på førehand?

– Nei, eigentleg ikkje. Men så tenkte eg at eg nok sikkert ikkje kjem til å møta han igjen, så då nytta eg sjansen!

 

Det er måndag, helga er over, og eg ringer Gøril Guddal for å høyra kva ho sit igjen med etter ei slik helg.

– Eg tenkjer at dette var ei storhending. Det må vera ein topp i galleriet si historie.

Gøril seier ho har hatt mange utstillingsopningar gjennom åra, men ingen har skapt så store ringverknader blant publikum.

– Eg hadde jo forventningar, men eg hadde aldri trudd at så mykje folk skulle koma alle dei tre dagane i opningshelga. Dette var noko folk ikkje ville gå glipp av.

På tre dagar har Gøril selt 40 av Pushwagner sine bilde. Utstillinga skal henga heilt fram til 17. august.
– Det er kjempebra, meir enn eg hadde forventa. Pushwagner ytte maksimalt av det han kunne, og signerte også bøker laurdagen før han reiste. Han sparte seg ikkje i det heile. Det høyrtes også ut på han som dette hadde vore ei av dei betre utstillingsopningane han hadde hatt den siste tida.