500 unge kunstnarar opna utstilling

Mange hundre vaksne og barn var på biblioteket på Husnes tysdag kveld då kunstutstillinga «Ein blå draum» blei opna. Kunstverka er laga av til saman 500 elevar frå skulane Undarheim, Sunde, Valen, Skarveland og Bringedalsbygda.

Mange hundre vaksne og barn var på biblioteket på Husnes tysdag kveld då kunstutstillinga «Ein blå draum» blei opna. Kunstverka er laga av til saman 500 elevar frå skulane Undarheim, Sunde, Valen, Skarveland og Bringedalsbygda.

Artikkelen er over 3 år gammel

Tysdag ettermiddag var det stinn brakke på Kvinnherad bibliotek då kunstutstillinga «Ein blå draum» vart opna.

DEL

Til saman 500 elevar frå skulane Undarheim, Sunde, Valen, Skarve-land og Bringedalsbygda har laga kunsten.

Det var rett og slett eit imponerande skode – kunst i alle former var hengt opp og stilt ut i alle krikar og krokar, både nede og oppe på hemsen. Publikum blei møtt med tente lys og elevar som delte ut champagnebrus ved inngangen, for å setja den rette, formelle stemninga som seg hør og bør på ei ekte kunstutstilling. Mange stolte kunstnarar, foreldre og andre møtte opp for å få med seg opninga – nærmare 700 til saman!

Først var det underhaldning. Kulturskuleelevar i koret Nattergalen song to songar; «I’m singing in the dark» og «Trollkvinnepakket». Lyset var slått av, og songarane sine kvite hanskar lyste opp i mørkret som ein stilig effekt. Fire elevar leste også fine dikt, før initiativtakar Bente Rusten sa nokre ord om skule-kunst-samarbeidet til publikum.

– Kva er ein blå draum? Det kan vera kva som helst. I dag får de sjå 500 tolkingar av kva ein blå draum er, både maleri, tekstil, skulpturar og dikt.

«Ein blå draum» er det andre kunstsamarbeidet mellom skulane Undarheim, Sunde, Valen, Skarveland og Bringedalsbygda. I fjor hadde dei hjarte som tema.

– Dette var ein draum eg hadde, at elevarbeid skal visa meir igjen utanfor skulane, og å få til eit samarbeid fleire skular ilag. Elevane har vore så dyktige og engasjerte i desse prosjekta, det er heilt imponerande kva dei har fått til, fortel Bente Rusten frå Undarheim skule til Kvinnheringen.

Ho har saman med Janne Seim (Skarveland skule), Wenche Seljestad (Valen skule), Janne Lillesand Høgestøl (Sunde skule), og Anne Lise Huneide (Bringedalsbygda) hatt ansvar for kunsprosjektet.

Fekk du ikkje med deg utstillingsopninga kjem hermed ei sterk oppmoding om at du tar deg ein tur til biblioteket for å sjå dei vakre kunstverka. Utstillinga «Ein blå draum» heng fram til den siste veka før julaftan.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags