Nygård på Høstutstillingen

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Kunstnaren Randi Nygård frå Seimsfoss er representert på den prestisjefylte Høstutstillingen i Kunstnerens Hus i Oslo denne hausten. Kunstverket heiter «Saintpaulia» etter hovudelementet, som er den vanlege potteplanten med same namnet. Ifølgje omtalen er planten utryddingstruga i dei områda han veks naturleg, nemleg i Tanzania og Kenya. Klimaendringar skal vera grunnen. Kunstverket er ein skulptur av blomen, spegel, foto og eik.

Høstutstillingen opna 16. september og står til 15. oktober.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags