Dronningar stiller ut på baroniet

DOBBEL DRONNINGUTSTILLING: Dronning Margrethe av Danmark (t.v) og Dronning Sonja av Norge (t.h), er begge kunstnarar. Til sommaren skal dei ha si første fellesutstilling noka tid, og det skal skje på Baroniet Rosendal. Her har dei Kong Harald mellom seg. (Foto: Lise Åserud /NTB scanpix)

DOBBEL DRONNINGUTSTILLING: Dronning Margrethe av Danmark (t.v) og Dronning Sonja av Norge (t.h), er begge kunstnarar. Til sommaren skal dei ha si første fellesutstilling noka tid, og det skal skje på Baroniet Rosendal. Her har dei Kong Harald mellom seg. (Foto: Lise Åserud /NTB scanpix)

Artikkelen er over 2 år gammel

Dronning Sonja av Norge og Dronning Margrethe av Danmark held for første gong ei felles kunstutstilling - på Baroniet Rosendal.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Den to gongar kongelege kunstutstillinga opnar 12. juni, med både Dronning Margrethe og Dronning Sonja til stades. Utstillinga har fått tittelen «Frå fjell til kyst»

- Dei to dronningane er begge kunstnarar med kvar sine særeigne utrykk. Begge er inspirerte av naturen, og utstillinga  som vil innehalda fleire nye kunstverk, vil avspegla dette i samspelet med deira ulike kunstutrykk, skriv Baroniet Rosendal i ei pressemelding.

Baroniet-direktør Anne Grete Honerød er svært begeistra over å ha fått dei to dronningane til 350-årsjubileet for rosendalsslottet.

- Baroniet Rosendal er eit viktig symbol på dei sterke kulturelle og historiske band mellom Danmark og Norge. Det at Dronning Margrethe og Dronning Sonja har takka ja til  ha utstilling saman her til sommaren, opplever vi som eit eventyr. Ei større hending og feiring av slottet i Rosendal sitt 350-årsjubileum kunne vi ikkje drøymt om, uttalar Honerød i pressemeldinga.

Rektor ved UiO og leiar for jubileumskomiteen, Ole Petter Ottersen, seier i pressemeldinga at det er ei stor ære at dei to dronningane held den første fellesutstillinga si på Baroniet Rosendal.

Dronningutstillinga vil henga på Baroniet Rosendal til 12. september.

Artikkeltags