Inviterer inn til levande kunstverkstad

Lokale kunstnarar held til i Kunstverkstaden i Rosendal, og håpar på mykje besøk i sommar. Frå venstre: Signe Schineller, Sølvy Johansson, Karin Bøe og Elisabeth Croles. Kristin Schulerud var ikkje til stades då bildet blei teke.

Lokale kunstnarar held til i Kunstverkstaden i Rosendal, og håpar på mykje besøk i sommar. Frå venstre: Signe Schineller, Sølvy Johansson, Karin Bøe og Elisabeth Croles. Kristin Schulerud var ikkje til stades då bildet blei teke.

Artikkelen er over 1 år gammel

Fem lokale kunstnarar held hus i Kunstverkstaden i Rosendal. Dei håpar mange fastbuande og tilreisande vil stikka innom i løpet av sommaren.

DEL

På bakgrunn av programmet Kulturvisjonen 2014 for Kvinnherad kommune, leiger kommunen ut det gamle, kvitmalte huset frå 1905 i Rosendal sentrum til lokale kunstnarar. Målet er å synleggjera det kulturelle mangfaldet i kommunen, og profilera Rosendal som levande kulturbygd ved å gi eit tilbod både til lokalmiljøet og tilreisande. Per i dag husar Kunstverkstaden fem lokale kunstnarar, som flittig brukar dei fem ateliera og det vesle galleriet. Desse kunstnarane er Karin Bøe, Sølvy Johansson, Elisabeth Croles, Signe Schineller og Kristin Schulerud.

– Vi vil prøva på å ha ein god del aktivitet i huset i løpet av sommaren, og håpar mange vil stikka innom. Her kan ein sjå og kjøpa maleri, keramikk, foto, kolteikningar, postkort og tekstilkunst med meir, fortel Croles.

Førebels har dei ikkje lagt opp til faste opningsdagar, men ber folk følgja med på Facebook-sida til huset.

– I tillegg set vi opp skilt utanfor når vi er her, og vi kjem til å gi beskjed til turistinformasjonen om kva dagar vi er her.

Inne i det koselege huset kan ein sjå kunstnarar i arbeid, snakka med dei, sitja ned rundt bordet i galleriet og gå rundt og sjå på dei flotte utstillingane.

– Det har vore litt stille rundt huset ei tid, men framover satsar vi på langt meir aktivitet her. I haust kjem vi til å leggja opp til ulike hendingar her, så følg med, oppmodar Schineller.

Artikkeltags