Fantasirikt med plastikk

Etter eit feiande flott show, kom alle mannekengane ut samla til slutt, og hausta stor jubel frå publikum.

Etter eit feiande flott show, kom alle mannekengane ut samla til slutt, og hausta stor jubel frå publikum. Foto:

Fredag serverte Uskedalen skule ei kreativ utstilling der det aller meste var laga av utrangert plastikk.

DEL

Det heile kulminerte i eit mannekeng-show der elevar og lærarkrefter viste fram plastkle på sprudlande og morosamt vis. Mannekengoppvisinga føregjekk til full musikk og med ivrige og blide modellar som feia opp og ned på motemoloen til applaus og stor jubel.

Assistert og inspirert av kunstnarparet André og Anette Marandon frå Bergen, har skulen jobba med plastkunst og -kle, særleg førre veke.

– Elevane har samla inn plastikk tre veker i førevegen. Vidare har kunstnarane vore innom her i tre omgangar for å inspirera og hjelpa elevane i gang, fortel rektor Stig Berge-Soldal.

Prosjektet vart avslutta med at skulen inviterte foreldre og familie til utstilling på skuleplassen. Mange møtte opp, og utstillinga vart høgtidleg opna av stuntpoet Arne Torget. Han gav skulen og elevane mykje ros for å setja søkjelyset på plastikk, både som problem og ressurs.

I skogen av spennande plastkunst, fann me dokka «Guro» som ni år gamle Maren Haugland Gundersen hadde laga saman med klassevenninna Linnea Enes.

– Vi har brukt bobleplast til fyll, og hovudet er laga av ei blomsterpotte. Augo er to mjølkekartong-korkar, forklarer Maren.

Anders Flygansvær Feet (10) hadde laga ein katapult, mellom anna ved å bora hol med boremaskin, og så festa ting saman med strips.

Store delar av skuleplassen bogna av fargerike saker og ting. Etter at utstillingsgjestene hadde kika seg rundt på alt det kreative som var utstilt, vart det heile altså runda av med det nemnde mannekengshowet. Det gjekk unna på forrykande vis, med stor underhaldnings- og humorfaktor.

– Fantastisk, smilte kunstnar André Marandon, etterpå.

– Når elevane får høve til det, viser dei ein utruleg kreativitet, arbeidskapasitet og stor samarbeidsevne! rosa Marandon.

Du lurer kanskje på kor all plastikken blir av til slutt? Rektor har svar:

– I samarbeid med Kvinnherad Vekstbedrift blir alt samla saman denne veka og levert til plastretur på SIM.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags