Blyantkunst og trehandverk i Galleri G Guddal

Stine Eide ved arbeidsbordet. (Pressefoto).

Stine Eide ved arbeidsbordet. (Pressefoto).

Søndag 5. november opnar Galleri G Guddal ny utstilling med teikningar av Stine Eide og treskulpturar av Kjell Musland.

DEL

I ei pressemelding lovar gallerist Gøril Guddal blyantkunst du sjeldan ser, og handverk på høgt plan.

Stine Eide

Etter kunst- og designutdanning i Bergen, Queensland og London, har vossingen Stine Eide etablert seg i heimbygda med eige galleri og atelier. Galleri G Guddal er premieregalleri for bildeserien «Siste skrik». Den tar for seg den rivande teknologiske utviklinga, samstundes som den òg minner oss på kor kort tid det faktisk er mellom steinalder og notid. «I overgangen frå telefonboksen til smarttelefonen ligg ei nærast samfunnsomveltande utvikling, og likevel er sjølve tidsreisa kort», heiter det mellom anna i pressemeldinga.

Kanskje er det nettopp blyanten som får det lengste livet: «Den høgteknologiske tida går, den enkle, manuelle blyanten består. Blyanten slår tilbake!»

I tillegg til «Siste skrik», viser Eide serien «Naturkollisjon» som handlar om distansen mellom mennesket og naturen. I pressemeldinga blir følgjande spørsmål reist: «Er det mogeleg å sjå og forstå verdien av natur når ein ikkje lenger er ein del av den?» Serien er inspirert av Eide sitt studieopphald i London, og lengten attende til naturen på heimstaden Voss.

Kjell Musland

Kjell Musland, busett på Seimsfoss, har laga mange treskulpturar opp gjennom åra og dei fleste kvinnheringane kjenner godt til kva denne nevenyttige skøyaren kan få til. Han handterer alt frå motorsag til tollekniv, og lagar store og små skulpturar. Den mest kjende er kanskje Edvard Grieg-skulpturen ved Ullensvang Hotell. Søndag kan du dykka inn i Musland sitt fasinerande skulpturunivers i galleriet sin underetasje.

I samband med utstillingsopninga blir det musikk ved Andreas Bjørsvik (gitar).

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags