H.M. Dronning Sonja stiller ut i Galleri G Guddal

Dronningane kom til Rosendal

Dronningane kom til Rosendal Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Galleri G Guddal fyller 25 år i år (1993–2018), og gallerieigaren slår til med mange spennande utstillingar. Blant anna skal H.M. Dronning Sonja stilla ut kunst i sommar.

DEL

– Det er ei stor ære for Galleri G Guddal å ynskja velkomen til utstilling med H.M. Dronning Sonja sine heilt nye bilde og keramikk! Dronninga kjem til å fylla begge utstillingsromma med arbeida sine, skriv Gøril Guddal i ei pressemelding.

H.M. Dronning Sonja begynte forsiktig med utøvande kunst i Ørnulf Opdahl sitt atelier på Godøya ved Ålesund for ganske mange år sidan. Det starta med akvarellmaling. Etter kvart utvikla dette samarbeidet seg og grafikken kom i fokus. I 2011 viste H.M. Dronning Sonja, Ørnulf Opdahl og Kjell Nupen ei felles utstilling, «Tre Reiser. Tre landskap», som ein mellom anna kunne sjå i Baroniet Rosendal. Inntekta frå denne utstillinga danna grunnlaget for opprettinga av The Queen Sonja Print Award – eit fond for unge utøvande kunstnarar som jobbar spesielt opp mot grafikk. For å støtta opp om Queen Sonja Print Award har Dronninga samarbeidd med fleire anerkjende kunstnarar. I 2016 og 2017 laga Dronning Sonja og Magne Furuholmen ei utstillingsrekkje der mange av dei grafiske arbeida var fellesverk, der kunstnarane hadde samarbeidd i eitt og same bilde.

Men det er ikkje berre dronninga som skal stilla ut i galleriet dette jubileumsåret. I mars opnar utstilling med grafikk av Bjarne Melgaard, Sverre Bjertnes og Kjell Nupen med fleire. Frå mai til juni kan du sjå maleri og skulpturar av Bodil Friele og Malene Dekke Eik, og i november og desember blir det ei eiga jubileumsutstilling:

– Galleri G Guddal opna første ustillinga i november 1993, så det passar å ha jubileumsutstillinga på denne tida av året. Dette blir ei kollektiv utstilling som kjem til å spegla litt av det som har skjedd på galleriet i løpet av 25 år, men også nye ting. To av kunstnarane som kjem til å prega denne utstillinga er Morten Molden og Karen Rebekka Vasstrand. Begge er busette i Bergen, står det i pressemeldinga.

I november skal Arnhild Litlere og Arvid Aasprang (saksofon) framføra tekstar av Jon Fosse.

Artikkeltags