Slik såg det truleg ut på Mehl i Rosendal for 150 år sidan

Carl Sundt-Hansen sitt måleri «Loft, Mehl i Kvinnherad» frå 1863 er no til sals (Foto: Galleri Hersleb).

Carl Sundt-Hansen sitt måleri «Loft, Mehl i Kvinnherad» frå 1863 er no til sals (Foto: Galleri Hersleb).

Eit måleri frå 1863 er lagt ut for sal og gir oss ein artig gløtt 150 år tilbake i historia til Kvinnherad.

DEL

Måleriet heiter «Loft, Mehl i Kvinnherad» og motivet er dermed truleg frå ein av gardane på Mehl i Rosendal. Det er Carl Sundt-Hansen som er opphavsmannen. Han var ein anerkjent målar frå den seine, meir realistiske epoken i nasjonalromantikken. Sundt-Carlsen sine måleri finn i dag mellom anna i Nasjonalgalleriet i Oslo. Galleriet som står for salet av «Loft, Mehl i Kvinnherad» vil ikkje gå ut med prisantyding.

Artikkeltags