Leiarar på «skulebenken»

Desse fire leiarane har no gjennomført leiarutviklingskurs. Framme f.v. Bernt Bjørsvik, Kjell Enes, Gunnhild Nilsen Hillestad og Kenneth Ingvaldsen. Kurset har vore i regi av Geir Haraldseid (bak t.h.) og Human og koordinert av Silvia Tofte (bak t.v.) og Kvinnherad Næ-ringsservice.

Desse fire leiarane har no gjennomført leiarutviklingskurs. Framme f.v. Bernt Bjørsvik, Kjell Enes, Gunnhild Nilsen Hillestad og Kenneth Ingvaldsen. Kurset har vore i regi av Geir Haraldseid (bak t.h.) og Human og koordinert av Silvia Tofte (bak t.v.) og Kvinnherad Næ-ringsservice.

Artikkelen er over 1 år gammel

Fleire bransjar merkar nedgangstidene. Men kvifor ikkje utnytta det til utvikling og nytenking? Fire leiarar frå Kvinnherad har no gjennomført kurs i leiarutvikling.

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

– Mange leiarar er flinke til å senda medarbeidarane sine på kurs, men gløymer at dei sjølve også bør auka kompetansen og utvikla seg for å kunna gjera andre gode. Tidene endrar seg, og vi har behov for påfyll og inspirasjon, fortel Kenneth Ingvaldsen i Kvinnherad Energi.

Han har saman med Bernt Bjørsvik i Dimmelsvik Bil, Gunnhild Nilsen Hillestad i Kvinnherad Breiband og Kjell Enes i Kvinnherad Energi delteke på leiarutviklingsprogram gjennom Kvinnherad Næringsservice. Programmet har vore i regi av Geir Haraldseid i Human, ei bedrift som har basert seg på å hjelpa bedrifter med «Human Resources» og leiing. HR-begrepet betyr teori og praksis ved leiing av menneskelege ressursar som evner, eigenskapar, kunnskap, erfaringar og ferdigheiter.

Programmet starta i november, og sidan då har dei hatt fem fellessam-lingar saman med Haraldseid, med ulike tema som motivasjon og teamleiing, «den vanskelege samtalen», rekruttering og leiarrolla. I tillegg har dei hatt individuelle samtalar ein gong i månaden.

– Sidan alle leiarar er forskjellige, finst det ikkje eit opplegg som passar for alle. Derfor er desse individuelle samtalane viktige, forklarar Haraldseid.

Gode verktøy

Hans teori er at leiarskap blir utvikla langs to «aksar»; sjølvinnsikt og ferdigheiter.

– Derfor har deltakarane i programmet gått gjennom fleire testar, som går på personlegheit, kva som driv dei, og korleis dei taklar stress og press. Tanken er at leiarutvikling skjer heile tida, det er ein kontinuerleg prosess, men gjennom dette programmet får leiarane verktøy som gjer dei bevisste og som gjer at dei kan reflektera over måten dei leier på, seier Haraldseid.

Og deltakarane sjølve synest kurset har vore svært nyttig.

– Leiarar sit gjerne litt åleine med utfordringane sine. Det å bli kjent med seg sjølv i tillegg til å ha andre leiarar å snakka med har vore veldig nyttig. Vi har mange av dei same utfordringane, fortel Nilsen Hillestad.

– Nokon av oss har lang erfaring etter kvart, og har blitt leiarar utan å ha kursa oss i det. Men alle treng å utvikla seg og auka kompetansen, legg Ingvaldsen til.

Nyttig

Næringssjef Silvia Tofte seier ein vil prøva å ha fleire slike program framover.

– Det er svært nyttig å ha eit slikt tilbod til Næringslivet i Kvinnherad. Både at leiarar kan få denne typen «input», og at dei slepp å reisa ut av kommunen i ein travel kvardag.

– Det som var mest spennande for meg var at det kurset gjekk over tid. Andre kurs som varar over nokre dagar gir deg inspirasjon og motivasjon der og då, men når ein kjem tilbake til den travle jobbkvardagen blir det vanskeleg å henta fram igjen det ein har lært. Her har vi fått sjansen til å testa og diskutera undervegs, seier Bernt Bjørsvik, og dei andre er samde.

– Generelt sett viser forsking at leiarutvikling er best over tid, då er effekten betre, legg Geir Haraldseid til.

Onsdag hadde dei si siste fellessamling, og dei fire kursdeltakarane innrømmer at dei kjem til å sakna samlingane, og at dei har vurdert om dei skal halda fram med å møtast.

– Utfordringa no blir å halda dette «varmt», og å ta med oss vidare det vi har lært, seier Bjørsvik.

– Eg trur det er lurt å satsa å nedgangstider. Det er kanskje då det er mest rom for å ta slike kurs fordi ein har betre tid til det, meiner Ingvaldsen.

– Ja, det er jo ikkje slik at det blir lettare å vera leiar i nedgangstider. Det er lurt å investera no, meiner Haraldseid.

Artikkeltags