«Kva om du tek med deg ein pose når du er ute og går på tur – og plukkar opp det som ikkje forsvinn av seg sjølv?»
MEINIGAR I ein artig og kjend song frå tidlegare tider, så er der ei linje som seier; «det er myjtti som kjæm fram når snø`n forsvinn».
No har det blitt slik hos oss, at vi har lite snø gjennom heile vinteren. Og då er det ikkje så mykje som «forsvinn». I staden ligg det der, lett synleg langs alle vegkantar; masse bos.
Kvinnheringar som nordmenn elles, er turgåarar. Kva om du tek med deg ein pose når du er ute og går på tur – og plukkar opp det som ikkje forsvinn av seg sjølv?
Det er så triveleg å gå tur i område der rusk og rask ikkje ligg og sleng – og så utruleg trist når det er motsett. Og kjære dykk som har siloplast liggande, ver så snill å ta den vekk før den deler seg i flikar og fyk både på elva og oppi trea.
Ein fordel med lite snø blir då altså, at vi kan halda bosset vekke – gjennom heile året! (Om eg hadde skrive ein SMS eller ein e-post, så ville eg ha putta på eit blunke-smilefjes her til slutt).
Møyfrid Kristoffersen
Uskedalen,
6. januar 2020
Kommentarer til denne saken