Får kvartsresultata på nyåret

Frå prøveboringa i starten av september. (Foto: Privat).

Frå prøveboringa i starten av september. (Foto: Privat).

Artikkelen er over 4 år gammel

Nordic Mining er ferdige med å bora i kvartsåra i Kvinnherad i denne omgangen, og analyseresultata kjem på nyåret. Blir det gruvedrift i Kvinnherad er det snakk om liten skala.

DEL

Etter nesten to månader er Nordic Mining no ferdig med boringa i kvartsførekomsten som ligg eit par kilometer nord for Årsnes. Det blei bora seks hol på ulike stader i kvartsåra, og det var kvarts i alle kjernane ein tok ut.

– Det viser oss at det finst kvarts også i djupet, ikkje berre i overflata. Det er det vi har håpa og hatt indikasjonar på tidlegare, men no kan vi seia det med tryggleik. Kvarts er hardt å bora i, derfor var vi spente på om vi kom til å halda oss innanfor tidsskjema, men det klarte vi, fortel utforskingsleiar Mona Schanche i Nordic Mining.

Kvartsen som er teken ut skal no gjennom geologisk inspeksjon og analyse, og ein ekstern ekspert skal gjera ei vurdering av kvartsen. Desse resultata vil Nordic Mining få på nyåret, og då kan dei gjera eit oppdatert ressursestimat som viser storleiken på kvartsførekomsten i Kvinnherad. Storleiken er eit av dei viktige punkta som må sjekkast før ein kan gå vidare med prosjektet. Seinare kjem også arbeid opp mot marknaden, og å få på plass ein reguleringsplan og dei rette løyva før ein kan starta opp gruvedrift.

– Slike prosjekt tar tid fordi vi legg «stein på stein» og byggjer opp kunnskap før vi kan ta ei avgjersle på om det er økonomisk forsvarleg for oss å starta opp drift. Alt har til no vore veldig positivt, og viss alt fell på plass er det ikkje snakk om så mange år før ein kan starta opp. Men det er for tidleg å seia noko om enno, forklarer Schanche.

Liten skala

Dersom det blir gruvedrift i Kvinnherad er det ikkje snakk om i stor skala, men såkalla «dagbrotsdrift».

– Uttaket vil bli lite i gruvesamanheng. Mykje av kvartsen ligg eksponert i terrenget. Fordi dette er eit høgverdig mineral, tar ein ikkje ut mange millionar tonn i året, det er kanskje snakk om fleire titusen tonn, som betyr mindre inngrep og ein mindre operasjon.

Men Schanche seier det er ein avansert prosess som skal til for å ta ut høgrein kvarts, og at det er i prossesseringa av kvartsen at det er behov for mest folk:

– Det ser vi for oss at skal skje på staden, men det er slike ting vi må ta ei vurdering på seinare i prosjektet når vi har lært kvartsførekomsten betre å kjenna.

Nordic Mining sitt kvartsprosjekt i Kvinnherad starta allereie i 2008, og dei første kartleggingane blei gjort i 2011. Men Schanche seier det tar tid å utvikla eit prosjekt fram til ei eventuell gruvedrift fordi det er så mange ting som må på plass. Nordic Mining også har måtta prioritera andre prosjekt før kvartsprosjektet i Kvinnherad, som til dømes Engebøprosjektet i Sogn og Fjordane. Men når løyve til gruvedrift no er på plass der, kan det frigjera ressursar til å jobba med prosjektet i Kvinnherad.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags