Kvinne fall ned på fjellhylle – får Sea King-hjelp

Søndag ettermiddag rykte naudetatane ut til Herøysund, der ei kvinne har falle ned på ei fjellhylle.

DEL


Rundt klokka 16.00 var eit Sea King-helikopter frå Sola på plass i Herøysund for å hjelpa Kvinnherad brann og redning. Vakthavande i Kvinnherad brann og redning, Thomas Hallquist, opplyser til Kvinnheringen at kvinna skal vera i god form trass omstenda.

– Det er vanskeleg å komma til, men vi håpar dette løyser seg greitt. Ho sit og klamrar seg fast, men skal etter forholda ha det greitt, fortel Hallquist idet helikopteret frå Sola nærmar seg Herøysund.

Kvinna var saman med ei venninne på tur. Det var venninna som melde frå då uhellet inntrefte. Hendinga skal ha skjedd ved Bringedalsvegen, rundt 100 meter nedanfor fjelltoppen Storhaug.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags