«Ein person har fått status som sikta og vart pågripen i nærleiken av staden der kvinna vart funnen», skriv politiet i pressemeldinga.

Det blir òg opplyst at avdøde ikkje formelt er identifisert, men politiet meiner å vita kven kvinna er. Dei pårørande skal vera varsla.

Politiet fekk melding om funn av den døde kvinna torsdag klokka 20.40.

Politiet har starta etterforsking og har sett store ressursar på saka. Åstaden er avsperra og kriminalteknikarar vil koma til Varaldsøy fredag føremiddag.

«Den sikta vart i natt frakta til Bergen Sentrum politistasjon. Han vil få oppnemnt forsvarar i morgon tidleg», opplyser politiet.

«Vi er framleis tidleg i etterforskinga og ber om forståing for at vi ikkje kan gå ut me detaljar om hendinga enno. Nærare informasjon vil bli gitt fredag klokka 10», skriv politiet til slutt i pressemeldinga.