Kvinne sikta for knivstikking – mann send til sjukehus

Ei kvinne i 40-åra blei søndag morgon arrestert av politiet. Ho er sikta for knivstikking.

DEL

Knivstikkinga skal ha skjedd på ei privat adresse i Husnes-området. Politiet blei varsla om hendinga like før klokka halv fem i natt.

Vest politidistrikt sin operasjonsleiar opplyser til Kvinnheringen at mannen, som er i 30-åra, er send til Stord sjukehus. Han skal ikkje vera livstruande skadd. Mannen er ifølgje politiet stukken i armen.

Kvinna er på veg til arresten i Bergen, der ho vil bli avhøyrd. Ho blei først behandla på lokal legevakt for mindre skadar.

Politiet etterforskar saka vidare. Operasjonsleiar opplyser at det er ein relasjon mellom mannen og kvinna.

Ifølgje NTB ringde begge politiet kvar for seg omtrent klokka 4.19 natt til søndag. Mens mannen var påført knivskadar, var kvinna påført lettare valdsskadar. Politiet undersøker om det også var fleire personar til stades som kan vera involvert eller ha opplysningar om det som skjedde.

– Vi kjenner ikkje relasjonen mellom dei to som er skadd og kor tette dei er. Sannsynlegvis var det fleire til stades, sa operasjonsleiar Eivind Hellesund i Vest politidistrikt til NTB tidleg søndag.

Les også:

Politiet arresterte ung mann på privat adresse i Herøysund etter tips (+)

Martin (27) frå Sjøvangen er den einaste i landet med «Trump»-bilskilt (+)

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags