Nytt liv i lo­kal kvinnedagmarkering

8. marskomiteen: Bak frå venstre: Hilde Enstad (Ap), May Britt B. Bendiksen (Fagforbundet), Runhild Kjeldsaas (SV) og Marie Ø. Kjeldaas (SV). Framme frå venstre: Elisabeth Croles (SV) og Irene Nielsen-Sjo (Kvinnekontakt i Ap).foto: HILDE ELISE FØRDE-TISLEVOLL

8. marskomiteen: Bak frå venstre: Hilde Enstad (Ap), May Britt B. Bendiksen (Fagforbundet), Runhild Kjeldsaas (SV) og Marie Ø. Kjeldaas (SV). Framme frå venstre: Elisabeth Croles (SV) og Irene Nielsen-Sjo (Kvinnekontakt i Ap).foto: HILDE ELISE FØRDE-TISLEVOLL

Fre­dag kveld blir det lo­kal mar­ke­ring av kvin­ne­da­gen i Fest­sa­len i Kul­tur­hu­set Hus­nes.

DEL

Kvinnekontakt i Kvinnherad Arbeidarparti, Irene Nielsen-Sjo, skulle helst sett at det ikkje var trong for slik kvinnekamp lenger, men dessverre er det nok av saker å ta fatt i.

– Ingen av oss i 8. mars-komiteen hugsar sist det var eit slikt arrangement med parolar og appellar på Husnes, så det var på tide å få det i gang igjen, seier Nielsen-Sjo.

I Festsalen blir det hengd opp parolar om lik løn for likt arbeid, barselomsorg og fødselspermisjon, for å nemna noko.

– Når det gjeld tredelinga av fødselspermisjonen, må dei unge koma på banen og engasjera seg meir, både kvinner og menn, meiner Nielsen-Sjo.

Først på programmet står appell ved Hege Lægreid Røssland, Kvinnherad SV. Vidare blir det høve til å orientera seg om pensjon.

– For oss som er oppe i åra kan vi seia at gjort er gjort, men dei unge bør setja seg inn i dette med pensjon og ikkje falla for freistinga til å ta halvdagsjobbar. Det kjem pensjonsekspertar frå SR-bank som ein kan snakka pensjon med, fortel Nielsen-Sjo.

Programmet byr også på musikk, nærare bestemt ved Diani Garcia Valdes.

– Diani vil syngja visesongar og spanske kampsongar. Det gler vi oss til.

Også 19 år gamle Marie Kjeldaas (SV) vil halda appell, medan Vigids Gammelsæther vil orientera om flyktningsituasjonen i Hellas.

Arrangementet er ope for alle, og blir arrangert av Kvinnherad SV, Fagforbundet i Kvinnherad og Kvinnherad Abeidarparti.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags