Kvinnherad brann og redning ber folk halda seg innomhus laurdag ettermiddag, på grunn av dei kraftige vindkasta.

– Det kan rett og slett vera farleg, seier Ruben Medhus i Kvinnherad brann og redning.

Det er meldt gult farenivå for Vestlandet, og det er venta vindkast frå aust og søraust på kring 27-30 meter per sekund.

Vinden skal ifølgje Yr ikkje løya før søndag morgon.