Rundt klokka 10.36 tysdag måtte Kvinnherad brann og redning rykka ut for å bistå i samband med eit batteri som kokte i ein båt, skreiv 110 Vest på Twitter.

– Vi fekk melding om ein båt som hadde trøbbel med batteria. Rosendal stasjon rykte ut, og vi fekk røykdykkarar til å kopla frå batteria etter at vi hadde lufta ut i båten. Vi var bekymra for om det var knallgass, fortel brannsjef Atle Ljosdal.