Stort behov for nye brannkonstablar ved fleire stasjonar

Det er behov for fleire deltids-brannkonstablar. Her er Kenneth Jensen og Kristian Horne (t.h.) ute i felten, der dei tar ein pust i bakken etter intensivt sløkkingsarbeid. (Arkivfoto).

Det er behov for fleire deltids-brannkonstablar. Her er Kenneth Jensen og Kristian Horne (t.h.) ute i felten, der dei tar ein pust i bakken etter intensivt sløkkingsarbeid. (Arkivfoto).

Kvinnherad brann og redning treng di hjelp.

DEL

– Fleire av våre dyktige deltids-brannkonstablar ved Rosendal brannstasjon går snart av med pensjon, og skal me klara å halda ein tilfredsstillande beredskap, treng me nokon til å fylle plassane deira! skriv leiar for Kvinnherad brann og redning si operative avdeling, Ruben Medhus.

Det er òg behov for deltids-brannkonstablar ved fleire andre stasjonar, blant anna i Åkra, på Fjelberg og Halsnøy.

– Bur og jobbar du i nærleiken av nokre av desse stasjonane? Er du i god fysisk form? Ønskjer du å bidra i ei viktig samfunnsrolle? Me kan tilby eit hektisk men godt arbeidsmiljø, med store variasjonar i arbeidsoppgåver, lokkar Medhus, og håpar fleire vil søkja på stillingane som ligg utlyste på Kvinnherad kommune si heimeside.

Søkjarane bør helst ha førarkort klasse C, eller minimum klasse B. Ein vil få òg få lovpålagt opplæring av deltidsbrannkonstablar etter Norges brannskule sin læreplan.

Artikkeltags