Ekstrem brannfare – ber folk unngå open eld utandørs

13. april kom ein bråtebrann ut av kontroll på nedsida av Vikefjellsvegen i Teigen. No er det endå tørrare, og Kvinnherad Brann og redning har innført forbod mot eld utandørs. (Arkivfoto).

13. april kom ein bråtebrann ut av kontroll på nedsida av Vikefjellsvegen i Teigen. No er det endå tørrare, og Kvinnherad Brann og redning har innført forbod mot eld utandørs. (Arkivfoto).

Artikkelen er over 1 år gammel

Det varme og tørre vêret gjer at brannfaren i gras og skog er ekstra stor. Førre veke innførte Kvinnherad Brann og redning totalforbod mot å gjera opp eld utandørs.

DEL

– Forbodet gjeld inntil vidare, og til det kjem nedbør av ei viss mengd. Det er no innført slikt totalforbod i nesten heile Sør-Norge, seier brannsjef i Kvinnherad Brann og redning, Atle Josdal.

Laurdag var det tilløp til grasbrann på Hatlestrand, men det blei heldigvis sløkkt kjapt. I april tok det også fyr i Vikefjell-området i Teigen. Det har elles ikkje vore nokon store gras- eller skogbrannar i Kvinnherad førebels, og det håpar brannsjefen å unngå.

– Vi håpar folk respekterer forbodet, og lar vera å tenna opp eingongsgrillar eller bål ute i terrenget. Skulle ein brann oppstå og vi går tom for vatn i brannbilen, så er vi avhengige av vatn i vassleidning i bakken. Det er derfor fint om folk viser omsyn i forhold til vatning av hagane sine i denne perioden, seier Josdal.

Artikkeltags