Open dag på brannstasjonen i Rosendal

STAS: Førstkommande laurdag blir det open brannstasjon i Rosendal. Det er det mange barn som synest er spennande. Dette bildet er frå open brannstasjon i september 2017. Arkivfoto.

STAS: Førstkommande laurdag blir det open brannstasjon i Rosendal. Det er det mange barn som synest er spennande. Dette bildet er frå open brannstasjon i september 2017. Arkivfoto.

Førstkommande laurdag 21. september kan små og store besøkja brannstasjonen i Rosendal. Nye tal viser at «Open brannstasjon» framleis er viktig for å redusera omfanget av alvorlege bustadbrannar.

DEL

Visste du at kvar femte familie ikkje har tenkt gjennom kva dei skal gjera om det begynner å brenna i eigen bustad? Berre éin av åtte barnefamiliar har hatt brannøving heime, og berre éin av fire har avtalt møteplass.

Desse tala kjem fram i ei ny undersøking Kantar har utført for Norsk brannvernforening, forsikringsselskapet If og Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) i høve årets brannvernveke. Sjølv om fire av fem barnefamiliar har tenkt gjennom kva dei eventuelt skal gjera om det begynner å brenna, er det i stor grad lause tankar. Litt over halvparten har snakka litt laust om det.

– Vi oppmodar alle til å gjennomføra ei brannøving heime. For barnefamiliar er det spesielt viktig at dei vaksne har ei avklart rollefordeling i tilfelle brann, slik at ein unngår misforståingar i ein kritisk situasjon der ein kanskje ikkje klarer å tenka klart. Eit skrekkscenario er at nokon går tilbake inn i eit brennande hus fordi dei ikkje finn kvarandre på utsida, og så står den ein leitar etter trygt ein annan stad ute, seier Øyvind Ousdal, leiar for førebyggande i Kvinnherad brann og redning, i ei pressemelding.

– Det er skremmande at så mange barnefamiliar ikkje har tenkt gjennom kva ein skal gjera om det begynner å brenna om natta. Begynner det å brenna, er du og familien veldig overlatne til dykk sjølve i dei første livsviktige sekundane og minuttane. Då er det ikkje tid til å lura på kva ein skal gjera. Det er berre ved å ha brannøving heime ein kan trena på dette, seier Anders Rørvik Ellingbø.

Han er branningeniør og leiar for skadeførebyggjande avdeling i forsikringsselskapet If.

Eit synleg og lett tilgjengeleg brannsløkkjeapparat er også spesielt viktig med tanke på brann om natta.

– Sekunda tel om det begynner å brenna, så plassering av brannsløkkjeapparatet kan vera avgjerande om det oppstår eit branntilløp. Om natta når det er mørkt er det spesielt viktig at det er raskt og enkelt å finna apparatet. Du skal vita kor det står, så du ikkje treng å leita etter det, seier administrerande direktør i Norsk brannvernforening, Rolf Søtorp.

Open brannstasjon

Det er Kvinnherad brann og redning som til helga inviterer til open brannstasjon i Rosendal.

– Arrangementet gir oss eit høve til å formidla brannførebyggjande bodskap til publikum i ei tid på året når talet på bustadbrannar ofte er aukande. Om hausten trekkjer vi meir innandørs, og vi slår på lys og varme, fyrer i peisen og tenner levande lys, seier Ousdal.

Om Brannvernveka:

Brannvernveka har vært arrangert sidan 80-tallet og har blitt en viktig tradisjon Noreg rundt, der tusenvis av barn får opplæring i branntryggleik. På rundt 350 stader over heile landet inviterer brannvesenet til Open brannstasjon laurdag 21. september. Open brannstasjon er lagt opp som en familieaktivitet, der barn og vaksne får gode råd om branntryggleik. Rebusløp, sløkkjedemonstrasjonar og brannbilar er noko av det ein kan oppleva.

Brannvernuka vert arrangert av Norsk brannvernforening, DSB og If i samarbeid med brannvesenet. Mange stader deltek også lokale If-kontor, Det lokale el-tilsyn og Sivilforsvaret.


Artikkeltags