Ein del kundar manglar derfor tenester for augneblinken.

Dagleg leiar i Kvinnherad Breiband, Gunnhild Nilsen Hillestad, opplyser til Kvinnheringen tysdag føremiddag at dei veit kven som står bak skadeverket.

Ifølge Nilsen har ein person gjort skadar på kablar fleire stadar i kommunen. Dei første skadane blei oppdaga måndag kveld. Politiet blei varsla og har ifølge Nilsen tatt hand om den mistenkte.

– Jobbar på spreng

– Det er ein person som står bak, så langt vi kjenner til. Vedkomande er meldt til politiet, fortel Nilsen.

Kvinnheringen har så langt ikkje lukkast i å få ein kommentar frå Kvinnherad politistasjon. Nilsen rosar den lokale politistasjonen.

– All honnør til dei som var kjapt ute natt til i dag då vi varsla dei. Det kunne blitt langt verre viss ikkje dei hadde reagert så raskt.

Nilsen anslår at mellom 400 og 600 kundar vil vera utan fiber ei stund tysdag.

– Vi jobbar på spreng og har kalla tilbake alle vi kan frå ferie. Dei er no ute og jobbar med å få ting opp og gå igjen. Kanskje tar det nokre timar, men det kan òg gå til i kveld eller natt før ting er tilbake til normalen, fortel ho.


Frå Husnes til Dimmelsvik

Ho legg til at Kvinnherad Breiband ikkje har sjanse å svara på alle telefonane dei får for augneblinken, men kjem til oppdatera nettstaden sin under driftsmeldingar.

– Vi har ikkje full oversikt enno. Men det er altså utført omfattande skadar på hovudfiberen i vårt nett, på fleire stadar, som Husnes, Sunde og i Dimmelsvik, seier Nilsen vidare, og legg til at dette kjem til å bli svært dyrt.

– Men det verste for oss er at så mange kundar mister tenestene sine. Ein veldig lei situasjon. Vi har aldri vore ute for noko liknande.