Kvinnherad Breiband – ei brikke i spelet om Kvinnherad Energi

Av
DEL

MeiningarUttale frå El- og IT-forbundet ved Kvinnherad Breiband.

I fusjonsprosessen mellom Kvinnherad Energi og BKK fekk vi tilsette ved Kvinnherad Breiband beskjed før ferien om at vi ikkje skulle vere med i eit sal i denne omgang.

Så vert vi kalla inn til møte etter omframt styremøte i KE og får vita at det er kome nye opplysningar som gjer at KB skal vere med i fusjonsprosessen som skal vedtakast 5. august. Dette kom midt i ferieavviklinga og slo ned som lyn frå klår himmel. Vi reagerte sterkt på dette, då det vert gjennomført utan vår påverknad midt i ferieavviklinga. Vi bad då om eit møte med kommunedirektør og styreleiar snarast for å få informasjon om kva dette skulle bety.

I mellomtida dukka aksjeeigaravtalen frå stiftinga av selskapet opp, som inneber at vedtaket på styremøtet var fatta på feil premissar. Denne var ikkje kjent for dei som styrer prosessen. Avtalen er forøvrig i si tid utarbeidd i samråd med Deloitte som er kommunen sin rådgjevar i saka.

Vi påpeiker i møte med kommunedirektør og styreleiar at det er fleire aspekt ved KB som ikkje er tilstrekkeleg greidde ut, mellom anna verdien for Kvinnherad Kommune å eige vesentleg infrastruktur som eit fibernett er. Vi påpeika òg at KB i dag har ein lågare pris på basistenestene sine i høve til BKK og Haugaland Kraft sine fiberselskap. Det er difor nærliggjande å tru at framtidig eigar vil nytte seg av inntektspotensialet det er å auke prisen på tenestene sine.

Vårt spørsmål til våre politikarar er; har de verkeleg kontroll no?

• Er de klare over kva ei avhending vil seie for kommunen sine innbyggjarar og KB sine kundar?

• Kva vil skje med ei vidare utbygging i dei områda som enno ikkje har fått fiber?

• Er det ikkje ein fordel for Kvinnherad Kommune å ha ei hand om fibernettet når ein skal ut i heimane med komande velferdsteknologi?

• Er styret og eigar klar over korleis nettstruktur heng i hop innanfor kommunen med kommunen sin eigne nærare 100 tilknytingar, som og delsvis er samanvoven med kommunen sitt eige fibernett, og fibernettet gjennom kommunen?

• Det er vi tilsette som har bygd selskapet opp til det det er i dag gjennom 15 års drift. Er det ikkje fornuftig å ta oss med på råd når selskapet si framtid skal avgjerast?

• Kvifor er det slik hast med ei avhending at ein vil trumfa denne prosessen gjennom midt i ferieavviklinga?

Vi ser det som svært vesentleg at politikarar og eigarar set seg skikkeleg inn i kva verdiar og kompetanse som ligg i KB før det vert avhenda som ei brikke i eit spel. Kvinnherad sine innbyggjarar fortener å vite kva som skjer.

Vi fryktar ikkje framtida. Vi fryktar ikkje BKK som ny eigar. Men vi fryktar hastverksarbeid som gjer uboteleg skade for kundane våre og dei felles verdiane våre.

El og IT forbundet ved Kvinnherad Breiband.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags