Søndag arrangerte Kvinnherad Bogeskyttarklubb nasjonalt stemne i idrettshallen på Sunde skule. I tillegg til arrangørklubben deltok skyttarar frå Bergen Bueskytterklubb, Hardanger Bogeklubb og Stord Bueskyttere.

Det vart skote 60 pil-stemne på 18 meter, som er normalt innandørs, og det var dei lokale skyttarane som dominerte premielista.

I klassen Instinktiv (utan sikte) vann Terje Bakke med 536 poeng, følgd av Hans Einar Holmedal med 526 poeng og Frank Johnsen med 516 poeng – alle frå Kvinnherad. Med eit samla resultat på 1578 poeng forbetra dei den norske rekorden sin i lagskyting med 6 poeng. Kristianna Øvrehus vann som vanleg rekruttklassen i Instinktiv med sterke 424 poeng, medan Atle Helland vann compoundklassen (med sikte) med 574 poeng.