Det er leit å høyre at Kvinnherad Eldreråd ikkje er tilfredse med tilbodet frå Pasientreiser. Det er eit mål for oss at alle dei som av ulike årsaker har ein rett til å få dekt reisa si, skal ha ei god oppleving – uavhengig av kor dei bur. Derfor tar vi med oss dei innspela vi har fått frå Eldrerådet i det vidare arbeidet vårt for å gjere tenestene endå betre.

Hovudregel

Det er pasient- og brukerrettighetsloven og pasientreiseforskriften som legg føringar for kva ein pasient har rett til å få, og kva som skal dokumenterast når ein skal søke om å få dekt utgifter i samband med reisa si.

Hovudregelen for pasientreiser er at reiseutgifter vert dekte med eit fast beløp per kilometer, uansett kva for transportmiddel pasienten har brukt på reisa. I tillegg må avstanden til behandlingsstaden vere lengre enn ti kilometer kvar veg, og gå over meir enn ei takstsone.

Rekvirert transport

Ein pasient som ikkje kan bruke offentleg transport, køyre sjølv eller bli køyrt, kan ha rett til å få ei rekvirert reise. Pasientens behandlar rekvirerer reiser på medisinsk grunnlag. Dette gjeld om pasientens helsetilstand ikkje gjer det tilrådeleg å reise med offentleg transport, eller eigen bil, men reisa må vere for eksempel med drosje eller anna tilrettelagt transportmiddel.

Dersom det er slik at det ikkje finst tilbod om offentleg transport på strekninga, og pasienten ikkje har tilgang på eigen privat transport, kan Pasientreiser i helseføretaka bestille transport til pasienten.

Generelle reglar

Regelverket gir ikkje føringar for kor lenge ein pasient kan vente, for eksempel ved reise med ferje eller fly.

Det er pasienten sin behandlar som kan legge føringar for dette i bestillinga si. Der kan det bli lagt inn opplysningar om at ein pasient må køyre åleine i drosja, om pasienten treng reisefølge, eller om det er andre omsyn som må takast for pasienten si reise.

Melding av avvik

Eldrerådet seier at mange avvik ikkje vert rapporterte. Vi oppmodar brukarar om å melde frå. Pasientreiser har ei telefonteneste på 05515, som informerer og rettleier brukarane, det gjer dei også til dei som ønskjer å melde frå om avvik. Klage kan meldast både munnleg og skriftleg, og det skal vera enkelt å seie frå, slik kan vi forbetre tenestene våre til pasientane. I 2021 var det gjort eit nasjonalt arbeid som såg på korleis avvik skulle handterast, dette resulterte i felles nasjonale retningslinjer for registrering av avvik.

Samkøyring

For Pasientreiser er det viktig at ordninga er organisert på ein forsvarleg måte, for det første for pasientens beste, men òg av kapasitetsmessige og økonomiske omsyn for helseføretaket. Derfor er det slik at reisene blir planlagt med fleire pasientar i same drosje, som også er gunstig for miljøet. Mange pasientar skal i same retning. Fleire stader er det kapasitetsutfordringar hos transportørane. Forsvarleg økonomisk drift av pasientreiser gjer at midlar kan gå til behandling av pasientar framfor transportkostnadar.

Nasjonale avtalar om transport

I 2020 vart det, saman med Sykehusinnkjøp HF, utarbeida eit felles, nasjonalt rammeverk for bruk i anskaffingar og ved inngåing av avtalar med transportørar, dette skal bidra til at tenestene og servicen blir føreseieleg over heile landet.

Utvikling av pasientreiseområdet

Det skjer ei stadig utvikling innan pasientreiseområdet. Til dømes vert det no testa nettopp ei slik teneste som Kvinnherad Eldreråd skildrar: Eit utval pasientar får SMS-melding når reisa er gjennomført med spørsmål om transporten kom til tida, og om dei vart levert i tide til behandlinga si. På sikt skal tenesta utvidast slik at fleire pasientar får anledning til å gi denne tilbakemeldinga, og det skal innførast fleire målingar.

Det blir gjennomført årlege brukarundersøkingar for heile pasientreiseområdet. Desse viser at mange brukarar er fornøgde med ordninga. I 2021 svara eit utval på 2.016 pasientar på undersøkinga om rekvirerte reiser.

78,2 % av desse gav ein skår på 4, 5 eller 6 på ein skala frå 1-6 om kor nøgde dei var med rekvirerte reiser. For same undersøkinga blant dei som søkjer om å få dekt reiseutgifter, skåra 86,4 % 4, 5 eller 6 på ein skala frå 1-6 om kor nøgde dei var med ordninga. 1.181 brukarar deltok i denne undersøkinga i 2021.

Når det er sagt: Vi ønsker alltid å forbetre oss. Derfor er det viktig for oss å samarbeide med brukarorganisasjonane når vi utviklar tenestene våre. Blant anna blir tenestene testa medan dei blir laga, og det blir tatt omsyn til innspel frå brukarane som er med og testar i den vidare utviklinga.

Vi ønskjer å takke Kvinnherad eldreråd for nyttige innspel om pasientreiseordninga. Vi er opptekne av at ordninga skal ivareta alle dei som har rett til å få dekt reise til og frå behandling av Pasientreiser. Då treng vi tilbakemeldingar frå dei som brukar tenestene våre.

Ann-Mari Høiland (Helse Bergen HF) og Margareth Blikra Sørensen (Helse Fonna)