Gå til sidens hovedinnhold

Kvinnherad Energi feirar 100 år

Artikkelen er over 2 år gammel

I løpet av året skal Kvinnherad Energi markera jubileet. Først ut er utstillinga «Ein sprek 100-åring» som opnar laurdag.

Laurdag 26. januar opnar Kvinnherad Energi utstillinga «Ein sprek 100-åring». Den vil vera i Kvinnherad bibliotek på Husnes og stå ut mars månad. Her kan ein følga historia og utviklinga til bedrifta heilt frå starten i 1919 og fram til i dag. For å gi eit innblikk i historia, er det hengt opp kollasjar med bilde frå drifta det siste hundreåret.

Det aller første montørutstyret som vart nytta og straummålarar er stilte ut, i tillegg til det nyare utstyret som har teke over i seinare tid.

– Både utstyr og arbeidsmetodar har utvikla seg i løpet av hundre år, smiler Kenneth Ingvaldsen som er prosjektleiar for jubileet.

Skulane i Kvinnherad har også deltatt i utstillinga:

– Vi utfordra skulane i Kvinnherad til å laga modellar for å illustrera historia, og nokre skular har tatt utfordringa på strak arm, seier Ingvaldsen, og peikar på eit stearinlys som står heilt i starten på ei kraft-tidslinje elevane ved Skarveland skule har bygd.

I tillegg skal det settast opp eit hus i utstillinga, ein konstruksjon tømrarlinja ved KVV har hjelpt til med. Utanfor huset vil det vera ein stolpe, og leidningar vil gå frå stolpen og inn i huset for å gi straum og nett til ein TV som skal ha levande bilde gjennom heile utstillinga.

Kake og musikk

Sjølve opninga førstkommande laurdag vil by på underhaldning med kulturelle innslag frå strykeorkester frå kulturskulen. Tidlegare administrerande direktør for bedrifta, Terje Enes, har fått æra av å halda opningstalen.

– Vi gler oss til utstillinga, og vil gjerne oppmoda skuleklassar om å ta kontakt om dei ønsker å komma på omvising, avsluttar Ingvaldsen.

Resten av året

I tillegg til utstillinga vil Kvinnherad Energi vera å sjå i lokalsamfunnet det kommande året. Dei vil saman med Kvinnherad Breiband ha standar rundt om i kommunen. Kvinnherad Energi vil også halda konsert i samanheng med Omstock-festivalen i juni. Dei tenker vidare å laga ein reklamefilm for å reflektera mangfaldet i kultur- og idrettslivet i Kvinnherad, samt at dei vil vera sponsorar av kulturelle hendingar som blant anna GaaPaa sitt «Pink-Floyd»-prosjekt.

Kommentarer til denne saken