«Høgare utbyte, lågare nettleige og lokalt nærvær»

Av
DEL

MEININGARKvinnherad Energi skal no ta stilling til det same spørsmålet som vi i Tysnes og Etne måtte for vel eit år sidan. Skal ein halda fram på eiga hand, eller ta steget ut og søkja saman med eit større energikonsern? I Tysnes og Etne valde vi BKK, og både vi som selskap, kundane og eigarane våre er lukkelege som små i det største selskapet på Vestlandet.

Ny energilov med verknad frå 2021 og den teknologiske utviklinga var ein del av grunngjevinga for at både Etne E-lag og Tysnes Kraftlag gjekk til det steget å innlemma verksemdene våre i BKK. Slik vi ser det vil følgjene av endringane i energilova gjera det svært vanskeleg å vera eit mindre eller mellomstort nettselskap i Noreg. Å konsern-organisera eit lite selskap fører berre med seg auka kostnader, kostnader som vil bli velta over på kundane gjennom auke i ei allereie høg nettleige.

Både i Etne og i Tysnes var vi – som de no og er i Kvinnherad – i den heldige situasjon at både BKK og Haugaland Kraft var interesserte i å overta verksemdene.

Noko av det viktigaste for oss var å sikra lokal beredskap og forsyningstryggleik. I tillegg var vi opptatt av at lokale arbeidsplassar vart ivaretatt og utvikla, at den nye eigaren ville bidra positivt til utvikling av lokalsamfunna våre, og at privatkundar og næringsliv fekk lågare nettleige.

Gjennom prosessane som følgde viste det seg at det var BKK som best tok i vare desse verdiane både for Tysnes og Etne. I ettertid har BKK vist stor interesse for, og vilje til, å integrera verksemdene både i Etne og Tysnes på ein god måte, utan at det skal gå ut over tenestene til kundane lokalt.

BKK tek sjølvsagt også samfunnsansvar gjennom vesentlege bidrag til lag og organisasjonar i heile regionen, og spesielt til friviljug arbeid retta mot barn og unge.

Dei tilsette er vorte ein del av eit større kompetansemiljø og er teke svært godt imot. Samstundes opplever kundane at BKK er minst like mykje til stades som før, med stor vilje til å sikra endå betre forsyningstryggleik og med ei langt lågare nettleige og ein kraftig auke i utbyte som bonus. Tysnes Kraftlag AS vil i 2019 få 13,1 millionar kroner i utbyte frå BKK, medan Etne får 2,7 millionar med ein eigarpost på 0,35 prosent.

Vi kjenner til at BKK ønskjer at Kvinnherad skal få ei sentral rolle i region Sunnhordland i BKK Nett dersom Kvinnherad Energi si nettverksemd vert ein del av BKK. I denne nye regionsatsinga vil også våre ressursar på Tysnes og i Etne inngå. Dette ser vi på som svært positivt. Med Kvinnherad Energi sine kompetansemiljø er vi trygge på at dette vil verta ei eining med stort utviklingspotensial. Eit slikt regionsamarbeid i Sunnhordland med Kvinnherad som sentrum, vil bidra til å styrka både lokalsamfunna våre og heile regionen vår.

I Etne og på Tysnes har vi stor forståing for at det er både usikkerheit og kjensler knytt til valet de står ovanfor. Vurderinga vår er at vi gjorde eit viktig og strategisk riktig val til rett tid.

Lars Enes og styreleiar Audun Magnussen, Tysnes

Einar Arefjord og styreleiar Wenche Irene Drange, Etne

Artikkeltags