Allereie neste veke startar Knut Førland opp i den nye jobben. I første omgang er det snakk om eit engasjement på seks månadar.

– Knut Førland er ein erfaren og kompetent leiar, og vi er særs nøgde med å få han inn som dagleg leiar. I ei tid prega av omstillingar i energibransjen og det pågåande arbeidet vårt med eigarskapsmelding, vil nye idear utanfrå vera spesielt nyttige. Det er heller inga ulempe at Førland har solid erfaring frå omstillingsprosessar og innovasjonsarbeid.

Det uttalar Stig Håvik, styreleiar i Kvinnherad Energi AS, i ei pressemelding.

Førland, som har befalsutdanning frå Hæren sin sanitet, og økonomisk/administrativ utdanning frå Møre og Romsdal distriktshøgskule, har hatt ei rekkje leiarstillingar. Han har mellom anna vore personalsjef i Kværner-konsernet over fleire år, samt dagleg leiar i Instone International Norway AS. I Kvinnherad har Førland vore dagleg leiar i Kvinnherad Næringsservice og iDrift AS.

– Lokalt er han nok elles mest kjent for sitt mangeårige arbeid for å få realisert Folgefonnsenteret. Sidan 2014 har Førland vore dagleg leiar for gassteknologibedrifta Liquiline LNG AS, og har vekependla mellom heimstaden i Rosendal og Bergen, står det å lesa i pressemeldinga.

Også frå kraftbransjen har Førland erfaring, som styreleiar i Rosendal Elektrisitetsverk AS sidan 2013, og som styremedlem i Kvinnherad Energi sidan våren 2017.

Håvik skriv i pressemeldinga at styret er svært imponerte over måten leiinga, med Kjell Enes som fungerande dagleg leiar, samt dei tilsette i Kvinnherad Energi, har handtert ein lang periode med alvorleg sjukdom blant fleire nøkkelpersonar.

– Ikkje minst gjeld dette sjukdomen og bortgangen til Hans Martin Hjelmeland, som var dagleg leiar dei siste 7 åra, skriv Håvik.

Førland sjølv vil ikkje seia så mykje om den nye jobben no, men uttalar i pressemeldinga at han er glad for tilliten styret viser han.

– Jobben eg no går inn i, vil bli både krevjande og utfordrande, seier Førland i pressemeldinga.