«Arvesølvet – kan litt verta ditt?»

Av
DEL

MEININGAR:Det stod nyleg på trykk noko om at Kvinnherad Energi er arvesølvet vårt. Eg er ikkje utan vidare einig. Vi kvitta oss med arvesølvet vårt då vi selde SKL-aksjane på 90-talet. SKL har nettopp delt ut 210 mill. kroner i utbytte for 2018, av eit rekordstort overskot. Kvinnherad kommune får ikkje noko av desse pengane, trass i alt vatnet som fløymer frå Folgefonna, gjennom den store fjellheimen og ned gjennom fossar og elvar i vår langstrakte kommune. Overskotet endar i kommunekassene i Karmøy, Haugesund og Bergen m.fl., der dei store eigarpostane i SKL sit, gjennom BKK- og HK-konserna. Svært lite vert att i Sunnhordland. Fjelberg kraftlag med sin 2,97 % eigarandel i SKL er eit heiderleg unntak. Der tikka det nett inn på konto vel 6,2 mill. kroner i utbytte for 2018.

Eg tilhøyrer eit knapt fleirtal i kommunestyret som vil selja distribusjonsnettet i Kvinnherad Energi og få oppgjer i form av aksjar i SKL. Verkeleg eit framtidsretta forslag, som ordførar Peder Sjo Slettebø henta ut av ermet for eit par månader sidan.

Vi må sjå i augo at små nettselskap tilhøyrer fortida. Eg kjenner ingen i fleirtalet som ikkje har stor respekt for det som KE har utført gjennom tidene. Dyktige medarbeidarar gjer dagleg ein stor innsats for innbyggarar og næringsliv i kommunen. Men alt kan ikkje vera som det har vore på alle arbeidsplasser. Omstilling og nye utfordringar vert det uansett. Kraftbransjen er i stor endring. Me må sjå frametter og gripa nye moglegheiter som melder seg.

Kvinnheringar flest innser at eigerskap i kraftproduksjon er framtida. Vi må halda på kraftproduksjonen som vi alt eig i Muradalen. Kan vi i tillegg skaffa oss ein liten, men viktig aksjepost i SKL, kan Kvinnherad møta framtida med i alle fall noko av arvesølvet intakt.

Så kan ein seia «litt mitt og litt ditt» til kvarandre, når smeltevatn og regn snart flommar att.

Per Ove Kviteberg

Høgre

Artikkeltags