«Arvesølvet – kan litt verta ditt?»

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

MEININGAR: Det stod nyleg på trykk noko om at Kvinnherad Energi er arvesølvet vårt. Eg er ikkje utan vidare einig. Vi kvitta oss med arvesølvet vårt då vi selde SKL-aksjane på 90-talet. SKL har nettopp delt ut 210 mill. kroner i utbytte for 2018, av eit rekordstort overskot. Kvinnherad kommune får ikkje noko av desse pengane, trass i alt vatnet som fløymer frå Folgefonna, gjennom den store fjellheimen og ned gjennom fossar og elvar i vår langstrakte kommune. Overskotet endar i kommunekassene i Karmøy, Haugesund og Bergen m.fl., der dei store eigarpostane i SKL sit, gjennom BKK- og HK-konserna. Svært lite vert att i Sunnhordland. Fjelberg kraftlag med sin 2,97 % eigarandel i SKL er eit heiderleg unntak. Der tikka det nett inn på konto vel 6,2 mill. kroner i utbytte for 2018.

Eg tilhøyrer eit knapt fleirtal i kommunestyret som vil selja distribusjonsnettet i Kvinnherad Energi og få oppgjer i form av aksjar i SKL. Verkeleg eit framtidsretta forslag, som ordførar Peder Sjo Slettebø henta ut av ermet for eit par månader sidan.

Vi må sjå i augo at små nettselskap tilhøyrer fortida. Eg kjenner ingen i fleirtalet som ikkje har stor respekt for det som KE har utført gjennom tidene. Dyktige medarbeidarar gjer dagleg ein stor innsats for innbyggarar og næringsliv i kommunen. Men alt kan ikkje vera som det har vore på alle arbeidsplasser. Omstilling og nye utfordringar vert det uansett. Kraftbransjen er i stor endring. Me må sjå frametter og gripa nye moglegheiter som melder seg.

Kvinnheringar flest innser at eigerskap i kraftproduksjon er framtida. Vi må halda på kraftproduksjonen som vi alt eig i Muradalen. Kan vi i tillegg skaffa oss ein liten, men viktig aksjepost i SKL, kan Kvinnherad møta framtida med i alle fall noko av arvesølvet intakt.

Så kan ein seia «litt mitt og litt ditt» til kvarandre, når smeltevatn og regn snart flommar att.

Per Ove Kviteberg

Høgre

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken