«Ingen mistillit til kommunedirektøren»

Av
DEL

MEININGAR:Les også: Ber om ny juridisk vurdering

– Ein grov insinuasjon mot kommunedirektøren

Til Kvinnherad kommune ved ordførar Peder Sjo Slettebø og kommunedirektør Ragnhild Bjerkvik. Syner til e-post korrespondanse som har vore i dag (onsdag).

Spørsmålet som byggjer oppunder juridisk vurdering av vedtektene, vart fyrste gong drøfta i telefon med kommunedirektør fredag 26. april, og oppfølgjande samtale den 27. april, før saka kom ut i media. Dette blei òg påpeika i gruppeleiarmøtet måndag 6. mai.

For å synleggjera vårt syn om vedtektsendringar for sal av nettdelen KEAS, har me òg vendt oss til media. Me har vore underretta om status på juridisk vurdering frå kommunedirektøren heile vegen. Bakgrunnen for å gjera ei juridisk vurdering av vedtektene, er basert på dei innleiande samtalane med kommunedirektør, og ikkje utspel via media.

Vårt poeng er at det er ulike meiningar om vedtektene si stilling blant fleire juristar. Når me skriv at det er «dei som er for å selja KEAS som kan bruka kommunen sine pengar for å fremja sitt syn», så er det ei spissformulering, men det er reint faktisk ei korrekt skildring av det som har skjedd: Uttalen frå Matre og Andersen fremjar faktisk synet til dei som vil selja Kvinnherad Energi sitt nett, og denne uttalen er betalt av kommunen. Kommunedirektør Ragnhild Bjerkvik har gjort ein god jobb, og gjer det som er mogleg i ein særs krevjande situasjon. At me frontar mistillit til kommunedirektøren er ein påstand som me ikkje kjenner oss igjen i, og som vi såleis tar sterk avstand frå.

Frå vår side syner den informasjonen og kunnskapsinnhentinga me har gjennomført ei heilt anna juridisk vurdering, som me ynskjer å få belyst i eit særs alvorleg og viktig spørsmål, nemleg vedtektsendringar. Vår førespurnad var meint som ei oppmoding om å få fram fleire juridiske vurderingar, som ordførar kunne lagt til rette for. Me registrerer og tek til etterretning at ordførar ikkje vil imøtekomma dette, og motset seg å få fram andre juridiske vurderingar og syn knytt til dette spørsmålet. Me opplever denne tilbakemeldinga frå ordførar i sterk kontrast til svar som blei formidla i Grenda 30. april. Sitat: «Det er klart at dette må undersøkjast skikkeleg.»

Hege Lægreid Røssland (SV)

Gaute Lund (R)

Hans Inge Myrvold (SP)

Artikkeltags