«Å gå over bekkjen etter vatn»

Av
DEL

MEININGARKristeleg Folkeparti og lokallagsleiar Hildegunn Eiane Aarthun, vel å setje spørsmålsteikn ved mitt innlegg i kommunestyresalen, førre onsdag.

For å ta det fyrste fyrst: Ein varaordførar er varaordførar. I kommunestyret møter varaordførar som kommunestyrerepresentant.

Ho beskriv at ho skvatt i stolen, då ho høyrde underteikna i sitt innlegg beskrive at saka om fusjonspartnar for Kvinnherad Energi var ei strategisk viktig sak for kommunestyret. Min påstand frå talarstolen, var at dette var den største og viktigaste eigarskapssaka som har vore til behandling i dette årtusen. Eg underbygde påstanden min med fylgjande kommentar: Sitat: «Ein skal aktivt ta stilling til eigarskapet av selskapet som har eksistert, og vore ein del av oppbygginga av vår kommune og lokalsamfunn, samla i 100 år». Sitat slutt.

Prosessane har vore lange, frå kommunestyret attende i 2016 aktivt ville setje ned ei arbeidsgruppe som skulle sjå nærare på korleis forvalte eigarskapet, og like fullt koma med ei tilråding til det vidare arbeidet. Styret i Kvinnherad Energi fekk i etterkant i oppgåve å innstille overfor kommunestyret, i kva dei meinte ville gagne vår kommune og vårt eigarskap i vegen vidare. Dette gjorde dei i 2019. Eit samrøystes styre i Kvinnherad Energi innstilte på at det beste for kommunen ville vere å behalde dagens eigarskap slik det var, og mogleg sjå på samarbeid med andre nettselskap i regionen for å styrkja effektivitet og kompetanse. Ei innstilling som eit fleirtal, beståande av Høgre, Kristeleg Folkeparti, Venstre, Framstegspartiet og Miljøpartiet Dei Grøne, ved fleire høve aktivt har valt å sjå bort i frå og ignorere.

Eg vil tru at Eiane Aarthun, med sin bakgrunn som styremedlem i Fjelberg Kraftlag, hadde følt dette som mistillit om saka skulle få same behandling frå eigarane i fusjonssaka som rådde i Fjelberg Kraftlag tidlegare. Mitt standpunkt i saka om fusjon av Kvinnherad Energi, kjem på bakgrunn av tre enkle og overordna prinsipp:

1. Svekka lokal styring, forankring og kunnskap.

2. Dårleg tidspunkt for sal/fusjon. For dårleg marknadspris/oppgjer.

3. Dårlegare utbytte og avkasting enn dagens eigarskap vil gje oss.

Samstundes har eg heile vegen tatt opp viktigheita av å fylgje vedtektene, som seier at Kvinnherad Energi si generalforsamling må ha tilstrekkeleg tilslutnad og einigheit om val som blir fatta. Jamfør vedtekter, røyste- og representasjonsordning og aksjelova. Dette kjem eg ikkje vidare inn på i dette innlegget. Det eg vel å ta opp er dei økonomiske sidene av dette vegvalet. Ved å fylgje det marginale fleirtalet i kommunestyret, har dei same partia òg sagt ja til å overta gjelda til Kvinnherad Energi, og den delen av verksemda som no blir fusjonert ut.

Dette kan kommunen gjere ved å ta opp lån. Eit lån i storleiksorden 7080 millionar vil gje rentekostnader i millionklassen i mange år. Når ein då veit at tenkt utbytte frå BKK i 2018 ville blitt 5,2 millionar, mot Kvinnherad Energi sitt utbytte frå nettdelen på 5,5 millionar, er ikkje dette samanliknbart. Netto utbytte ville i dette tilfellet blitt nærare 3,5 millionar frå BKK i 2018, etter at rentekostnadar hadde vore dekka. Ei gjeld som i dag blir betjent av Kvinnherad Energi – før utbytte blir utdelt. Eg reknar med KrF har tatt høgde for desse vurderingane inn i behandling av kommunen sin økonomiplan, som kjem til handsaming i kommunestyret om kort tid.

Og at auka lånekostnadar må koma i form av nedskjeringar til blant anna born i skulen, ungdomar i fritidsaktivitetar, og vaksne med behov for omsorgstenester, som Eiane Aarthun sjølv trekkjer fram i sitt innlegg.

Summen av alt dette, var mitt grunnlag for å seie at saka om Kvinnherad Energi kanskje var den viktigaste strategiske saka me har hatt til behandling i kommunestyret i dette årtusen. Hadde me gått til Haugaland Kraft, ville oppgjerspris for handelen vore over 300 millionar kroner. Det er store verdiar på spel for innbyggjarane i Kvinnherad kommune.

Ein ting som er heilt sikkert og visst – ljospæra på Valen, Husnes, Rosendal og Hatlestrand får akkurat den same lysstyrken ein betalar for i dag, om det er Kvinnherad Energi, Hafslund, Norges Energi eller andre som fører fram krafta. Det har ikkje vore tema i denne debatten.

Hans Børli sa det så godt ein gong:

«Den som går med løkt i mørket, han ser ikkje stjernene.»

Hans Inge Myrvold (Sp)

Artikkeltags