Går vidare med forhandlingar om sal av KE-nettet

Med knappast mogeleg fleirtal vedtok kommunestyret torsdag kveld å gå i forhandlingar med BKK og Haugaland Kraft (HK) om eit eventuelt sal av nettdelen i Kvinnherad Energi (KE).

DEL

Vedtaket kom etter eit ein maraton av presentasjonar, både frå BKK, HK, SKL og konsulentselskapet PÖYRY. SKL lanserte samarbeidsvyar om kraftproduksjon, medan PÖYRY la fram ein analyse KE og vurderingar av dei ulike vegvala for selskapet.

Presentasjonane starta klokka 12, men først i 19.30-tida kom det politiske vedtaket som vart vedtatt med 18 mot 17 stemmer. I mellomtida opplevde pressa og dei mange tilhøyrarane – hovudsakleg frå KE og Kvinnherad Breiband – å bli sende på dør i om lag 40 minuttar, då kommunestyret lukka møtet for at representantane endeleg skulle få BKK og HK sine bod talfesta.

Tilhøyrarane fekk sleppa inn igjen då det var tid for debatt og avgjerd, og nok ein gong kom vararepresentant Arne Presthus (H) i fokus. I starten av debatten signaliserte han at var imot å avhenda KE sin nettdel, men til slutt – etter gruppemøte og pausar – var det forslaget Presthus sjølv hadde ført i pennen som fekk fleirtal for vidare forhandlingar om sal.

Vedtaket, ein justert og meir detaljert versjon av alternativ tre i innstillinga frå Kommunedirektøren, fekk 18 stemmer frå H, Frp, KrF, V og MDG og lyder slik:

Nettdelen av Kvinnherad Energi AS fisjonerast ut av selskapet Kvinnherad Energi AS, og fusjonerast til anten Haugaland Kraft eller BKK.

Det vert oppnemnt tre representantar som saman med ordførar får fullmakt til å føra forhandlingar med begge selskap. Desse vert: Ove Lemicka (Frp), Kent Are Kjørsvik Petterson (V) og Otto Benjaminson (KrF).

Det vert deretter lagt opp til ein bodrunde der begge selskap gjev lukka bod med opning 15. mai 2019 klokka 12.00. Desse vert lagde fram for kommunestyret 22. mai 2019 for endeleg avgjerd.

Innstillinga frå Kommunedirektøren vart dermed forkasta, det same vart eit alternativt forslag frå SF, Ap og Sp. Det alternative forslaget tok til orde for å vidareutvikla KE med dagens eigarstruktur, omdanna til konsern og starta forhandlingar med Hardanger Energi og Odda Energi med tanke på eit formalisert samarbeid for å oppnå effektivisering og styrkt beredskap.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags