Svar til Øyvind Lernes og Marit Bakke i Høgre frå klubbane ved Kvinnherad Energi og Kvinnherad Breiband

Av
DEL

MEININGAR

Vi registrerer at to av våre styremedlemmer, Øyvind Lernes og Marit Bakke, kjem med bombastiske påstandar om vår arbeidsplass. Ja, det er faktisk vår arbeidsplass de omtalar og drar ned omdømet på.

Status andre samanliknbare selskap

I vår region har fleire samanliknbare energiselskap byrja å konsernorganisera seg som eigne konsern utan å vera i konkrete fusjonsforhandlingar, t.d. Finnås Kraftlag, Fusa Kraftlag, Odda Energi og Hardanger Energi. Dette er selskap som er mindre eller i same storleik som Kvinnherad Energi. Det syner at det absolutt er rom for Kvinnherad Energi/Kvinnherad Breiband å fortsetja som i dag.

Kvifor slik hast?

Kva hastar så veldig? Vi sit på ein attraktiv infrastruktur – den vil ikkje bli mindre attraktiv i framtida? Det er òg i vente ei regjeringserklæring der utjamning av nettleige er eit vesentleg tema. Verdien på selskapet vil ikkje verta forringa i framtida. Går Kvinnherad kommune inn og forsterkar sitt aktive eigarskap kan selskapa utviklast til å bli meir robuste for framtida samstundes som ein har kontroll på eigen infrastruktur i kommunen. Dette er vesentleg viktig for både bedrifter og innbyggjarar.

Den humane kapitalen

Bak alle tal, alle nasjonalt regulerte lover og forskrifter, er det 40 personar med kjærleik til jobben og lokalsamfunnet som står for den daglege drifta. Det ligg i ryggmargen at vi yt ekstra når stormane kjem og nettet ligg ute. At Kvinnherad Høgre prøver å bagatellisera dette kan vi leva med, vi er her for å ivareta våre jobbar på best mogleg måte for våre felles innbyggjarar og kundar.

Vi har trua på framtida som eit livskraftig selskap i framtida, og er viljuge til å stå på for det.

Vi ber Kvinnherad Høgre sine skrivarar, som òg sit i styret for Kvinnherad Energi, tenkja seg om når dei omtalar arbeidsplassen vår. Det handlar òg om menneske som er usikre på si framtid.


Klubbane ved Kvinnherad Energi og Kvinnherad Breiband.

NITO, Negotia, El&IT forbundet.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags