– Vårt ynskje og signal er at ein beheld eigarskapet i desse to gode verksemdene

Av

Klubbane i Kvinnherad Energi og Kvinnherad Breiband har sendt ein felles uttale i samband med eigarskapsmeldinga.

DEL

MEININGAR:Kvinnherad Energi og Kvinnherad Breiband er i dag gode arbeidsplassar og to sunne verksemder som leverer tenester til innbyggjarane i Kvinnherad. Vi forsyner innbyggjarane med straum og breibandstenester i heile den vidstrekte kommunen, og held linjenettet godt ved like slik at oppetida for straum og breiband blir så høg som mogeleg. Kvinnherad Energi har òg eigen kraftproduksjon i Hattebergsdalen Kraftstasjon i Rosendal, og har driftsansvar for Valen Kraftverk. Straum er ein viktig del av livsnerva og breiband er blitt ein sjølvsagt del av kvardagen både i arbeid og fritid.

Vi er 40 tilsette som er stolte av jobben vi gjer, både inne på kontor og ute i allslags vêr. Og vêr er det mykje av her vi bur. I krisesituasjonar stiller vi opp og syter for at utetida på tenestene blir så kort som mogeleg. Vi har vaktordningar i begge selskapa, og det ligg i ryggmargen på oss tilsette at vi stiller opp for kundane også utanfor normal arbeidstid. Dei som kjenner oss veit at når krisa oppstår, forlét vi familieselskapet eller treninga for å få straumen på att så fort som mogleg. Dette ligg i ryggmargen til kvar og ein av oss. Vi er stolte av jobben vår, og vi yter gjerne litt ekstra for at våre gode naboar og sambygdingar skal få straumen og breibandet attende så fort som mogleg.

Vi har eigne hogstfolk som syt for gode, breie linjekorridorar slik at det vert minst mogleg skade ved trefall og sterk vind. Dette er med på å oppretthalda den gode oppetida vi har. Det er høgt fokus på helse, miljø og tryggleik i kvardagen for at alle våre skal kjenna at dette er ein trygg og god arbeidsplass. Dette er noko som vi tilsette har med oss kvar einaste dag når vi går til jobben.

Kvinnherad Energi og Kvinnherad Breiband genererer 40 arbeidsplassar, inkludert to læreplassar, og er av betyding for sysselsettinga i kommunen, og ikkje minst er vi skatteytarar, som bidreg med våre skattekroner til kommunebudsjettet.

Kvinnherad Energi har sidan det vart eige AS i 1993 bidrege med nærare 200 millionar i utbyte til Kvinnherad Kommune. Kvinnherad Breiband har dei siste åra gått med overskot og deler ut utbyte til eigarane. Dette har vore gode og sikre inntekter til kommunen.

Vårt ynskje og signal til politikarane og administrasjonen i Kvinnherad er at ein beheld eigarskapet i desse to gode verksemdene, slik at vi framleis kan yta gode tenester og vera ei god inntektskjelde for Kvinnherad Kommune.

Det kan vera lett å la seg freista til å selja/fusjonera selskapa for ein kortsiktig gevinst for å bøta på ein trong kommuneøkonomi, men ein treng ikkje sjå langt for å sjå konsekvensane det har fått andre stader der dette er gjennomført. Der lokale kraftselskap er lagde ned, har òg lokale arbeidsplassar forsvunne, og råderetten over eigen kritisk infrastruktur er svekka. Vi noterer oss òg at det er ein politisk prosess der myndigheitene ser på utjamning av nettleiga. Det òg fleire store kundar på veg inn i nettet som vil gje eit positivt utslag på nettleiga. Vi minner om at nettleiga vart sett ned igjen av Kvinnherad Energi frå årsskiftet.

Kvinnherad Energi har godt samarbeid med Hardanger Energi og Odda Energi, og saman har vi oppretta «lokalkrafta», ein straumallianse mellom dei lokale kraftleverandørane. Føremålet med alliansen er å ta vare på lokal kompetanse, arbeidsplassar og lokalsamfunna. Ein nasjonal kraftleverandør med lokal forankring. Det er oppretta ei eiga nettside; lokalkrafta.no.

I større selskap går feilmeldingar til sentrale feilmottak og arbeidet ute i nettet blir ofte utført av entreprenørar som har slike jobbar på anbod. Ein situasjon der lokalkunnskapen og eigarskapen til straum og breibandsnettet blir meir perifer, uroar oss.

I dag er vi 40 tilsette som bur rundt i Kvinnherad, noko som medfører kort responstid når eventuelle feil oppstår. Vi meiner det er ein tryggleik å ha eit solid energiselskap og breibandsselskap som har motiverte arbeidstakarar i nærmiljøa der feila oppstår.

Vi er klare over at det må gjerast grep for å effektivisera drifta, men vi meiner at Kvinnherad Energi er robust nok til å ta dei endringane som må til for å sikra effektiv og lønsam drift i framtida.

Vi ynskjer at politikarar og andre gode innbyggjarar i forsyningsområdet vårt skal vita at vi er motiverte, og gler oss til å gå på jobb kvar dag og ynskjer å bidra til at bedrifta skal kunna oppnå gode resultat også i framtida. Vi ynskjer at de tenkjer på dette, i denne prosessen som no er i gang. Vi er menneska i selskapet som er ein vesentleg del av samfunnsmaskineriet i Kvinnherad Kommune, og det ynskjer vi gjerne å forsetja med.

Klubbane for tilsette ved Kvinnherad Energi og Kvinnherad Breiband; El&IT, NITO, Negotia.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags