Kommentar til Øyvind Lernes og Marit Bakke om Kvinnherad Energi

Av
DEL

MEININGARTo av styremedlemmene i Kvinnherad Energi, Øyvind Lernes og Marit Bakke, har i sitt lesarinnlegg i Grenda 21.2 og Kvinnheringen 22.2 sett fram påstandar om Kvinnherad Energi som eg ynskjer å kommentera.

«Nettleiga i Kvinnherad har sidan 2017 blitt gradvis redusert. Årsaka til dette er at Kvinnherad Energi tidlegare har kravd inn meir nettleige enn myndigheitene tillet. Ved årsskiftet var det kravd inn nesten 10 millionar kroner for mykje. Dette må no betalast tilbake til kundane, og det gjer ein ved å redusera nettleiga».

Kvinnherad Energi (KE) har ikkje tatt inn meir nettleige enn myndigheitene tillet. Det er Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) som fastset kor stor sum KE kan ta inn årleg i nettleige (inntektsramme). Endeleg sum for kvart år vert fastsett etter avlagt årsrekneskap. Det vert derfor nytta eit estimat på inntektsramme kvart år. Dersom KE har tatt inn for mykje nettleige skal dette betalast tilbake til kundane. Tilsvarande kan KE ta inn meir i nettleige seinare år dersom det er tatt inn for lite. Dette kallast meir-/mindreinntekt. KE har i dag ein femårsplan for å handtera dette. Årsaka til at det vert nytta ein femårsplan er for å unngå for store svingingar i nettleiga. Prognose viser at KE ved utgangen av 2018 har ei akkumulert meirinntekt på ca. 12 millionar. Desse pengane skal tilbakebetalast til kundane i form av reduksjon i nettleiga. Nettleiga til KE har frå 2016 blitt redusert med 13,8 prosent. For 2018 var det planlagt å betala tilbake 2,3 millionar til kundane våre av opparbeidd meirinntekt. Auka forbruk i nettet og høg kraftpris medførte at det ikkje vart betalt noko tilbake, trass i for stor reduksjon i nettleiga. Nettleiga er derfor ytterlegare redusert i frå 1. januar 2019. Krav frå styresmaktene regulerer korleis dette skal gjerast, og KE utfører dette i tråd med gjeldande krav.

«Kvinnherad kommune har dei siste åra teke ut langt mindre utbytte frå Kvinnherad Energi enn det administrasjonen og styret i selskapet sjølv har føreslege».

Styret sitt forslag til utbyte er gitt i styrevedtak og signerte årsrapportar for kvart år. Utbyte frå KE vert betalt ut i tråd med signert protokoll frå Generalforsamling i KE. Framlagt forslag til utbyte frå administrasjonen/styre og betalt utbyte er samanfallande, og det er ikkje betalt ut lågare utbyte enn det som administrasjonen og styret har føreslege.

«Låg effektivitet gjev høg nettleige». Storleiken på nettleiga kan ikkje direkte sjåast i samanheng med effektivitet. Det er mange selskap som har høg effektivitet som også har høg nettleige samtidig som det er mange selskap som har låg effektivitet som også har låg nettleige. Ca. 30 prosent av nettleiga kan påverkast ved å endra på effektivitet.

«Budsjettet for nettverksemda i 2019 legg opp til eit overskot på 3,8 millionar. Då er det gjort ein del endringar i reknskapstekniske forhold. Hadde ein nytta same reknskapsprinsippa som i 2018, ville ein gått med underskot på nettverksemda».

Reknskapsprinsippa til KE er endra i 2018. Ei av årsakene til dette er at andre selskap som KE vert samanlikna med i effektivitetsmåling har gjort dette. Dersom ein skal samanlikna effektivitet bør også samanlikningsgrunnlaget vera likt. Utført endring av reknskapsprinsipp fører til at nettverksemda får eit høgare resultat og høgare effektivitet. Dersom ein ikkje hadde endra reknskapsprinsipp i 2018, så syner prognosane at KE nett ville fått eit overskot i tråd med budsjett for 2018 og ikkje gått med underskot.

«Berekningar gjort av fleire uavhengige syner at Kvinnherad Energi må kutta kanskje 1/3 i drift og vedlikehald for å komma opp i normal effektivitet».

Høgare effektivitet er ei viktig målsetning for alle nettselskap. I KE har ein i 2018 sett i verk fleire tiltak som vil føra til auka effektivitet dei neste åra. Dette arbeidet vil fortsetja i 2019. Det er ikkje slik at eit nettselskap må ha ein effektivitet på 100 prosent for å kunna driva nettverksemd. I dag er det berre 26 av 106 nettselskap i Norge som har ein effektivitet på over 100 prosent eller det som i lesarinnlegget vert kalla «normal effektivitet».

Kjell Enes,
leiar Nett og Produksjon ved Kvinnherad Energi.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags