Skrik i kraftverket

Av
DEL

MEININGARFar min fortalde: I gamle dagar var det ein prest i Kvinnherad som refsa kyrkjelyden sin frå preikestolen. Ein gammal gubbe klaga seg, men fekk svaret: «Jeg slo med min svøpe i en hundeflokk, den jeg traff han skrek».

Kom på det no når eg ser kor alle som ytrar seg etter eit lesarinnlegg om Kvinnherad energi «skrik». «Svøpen» må ha treft bra. No er det slutt på munnkorgene frå Gerhardsen og kommunisttida, folk skal ha lov til å seie akkurat det dei meiner, og kanskje dei har lyst å informera oss, folket, om ting som me veit lite om til vanleg. Me som oppeheld og betalar selskapet har krav på å vite alt, absolutt alt, dersom det ikkje er forretningsløyndomar då.

Eg har ikkje det minste peiling på om styringa er god eller dårleg, eller om sal eller ikkje sal er rett, men i og med at diskusjonane er så kvasse, så må der og vera ei årsak til det. Ja eg kan forstå at tilsette er redde for jobbane sine, men er der for mange så er der for mange, slik er utviklinga på godt og vondt mange stader.

I motinnlegga vert mest alt i lesarinnlegget motsagt, men eg legg merke til at påstanden om «dei SÆRS høge leiargodtgjerslene» ikkje vert nemnd med eit ord. Kan «svøpen» ha treft her? Det er faktisk rykte om at leiarar i Kvinnherad Energi har meir løn enn statsministeren, men det er isåfall ein tabbe av noverande eller tidlegare styre. I eit selskap utan fnugg av konkurranse er alt over 800 tusen for mykje, spør du meg. Dei slepp å slita for salskontraktane som i det private næringslivet. Er dette feil så kom fram med det. Det er ikkje hemmeleg, sjå paragraf 13 i forvaltningslova: «Isolert sett er ikke opplysninger om ansattes navn, stilling og lønn taushetsbelagte opplysninger etter forvaltningsloven.»

Takka vere desse to som starta debatten og enno meir Lars Emil Berge i Småkraftforeininga, so kan eg i alle fall litt meir om selskapet «mitt» no, so får berre flokken «skrika» seg hås.

Johs. Bondhus

Artikkeltags