Tankar om Kvinnherad Energi

Av
DEL

LesarbrevSer det er eit stort engasjement rundt Kvinnherad Energi, det er nokon store som vil kjøpa selskapet. Vi veit at Kvinnherad Kommune årleg får eit godt utbyte frå selskapet, som er godt å ta med når årets budsjett skal syast saman. Er det desse pengane som lokka dei ivrige kjøparane må tru? Eg tvilar på at det er oss straumkundane dei tenkjer mest på. Det er snakk om store endringar med tanke på kompetansenivå, elektrifisering og digitalisering. Det høyrest så framand ut for oss som berre har kunnskap om å skru på brytaren og så kjem lyset – kva for ein revolusjon står vi framføre?

Når det gjeld den høge nettleiga så las eg ein stad at den er regjeringa i ferd med å villa samordna. Får vona at det er rett. I mellomtida får vi lata Kvinnherad Energi med alle sine fagfolk få lov til å bestå. Trur vi som straumkundar kan leva vel med det, og politikarane når budsjettet skal setjast opp. Det er så rart med det som vi eig og har full kontroll med.

Leif Thuland

Artikkeltags