«Kvifor vil BKK overta? Sjølvsagt fordi dei tener pengar på det»

Av
DEL

MEININGARDette hadde eg eit lesarinnlegg om for fleire månadar sidan, då det vart kjend at BKK eller HK skulle ta over nettdelen i KE A/S.

Og på eit punkt er eg samd med deg Gaute Lund, og det gjeld synet på dette: For kvifor vil BKK overta? Sjølvsagt fordi dei tener pengar på det. Men der skil me òg lag, du Gaute og eg.

På den tida Kvinnherad Kraftverk vart aksjeselskap var eg kommunerevisor i Kvinnherad. Då eg såg korleis dette utvikla seg med mellom anna 2/3-delsfleirtal ved vedtektsendring, og at heile kommunestyret skulle vera generalforsamling, så tok eg dette opp med dåverande ordførar og rådmann. Eg peika på at det siste var i strid med Lov om aksjeselskap, men eg vart ikkje høyrd.

For etter lova har KE A/S ein eigar, Kvinnerad kommune. Og i generalforsamlinga her denne eine eigaren sjølvsagt berre éi røyst. Denne eine røysta kan ikkje delast opp i tredjedelar. Kommunestyret har høve til å instruera ordføraren korleis han/ho skal røysta i generalforsamlinga i KE A/S. Kor stort fleirtal som må til i kommunestyret, legg ikkje aksjelova vekt på.

Så Gaute Lund. Advokatfirmaet Sckjødt har rett i den vurderinga dei har lagt fram, og HLT ved Steinulv Tungesvik tok feil. Men så, Gaute: Også eg er lei meg for resultatet. Så kanskje meg skal gråta ein skvett du og eg? Me kan finna ein høveleg stad til det.

Lennart Sortland

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags