«Privatisering av Kvinnherad Energi?»

Av
DEL

MEININGARSvar til Geir Dolonen-Marthinussen:

Det går mot val. Opposisjonen har funne seg ei svært dårleg sak å starta valkampen med. Folk flest veit langt betre enn det som vert sagt i dette innlegget om Kvinnherad Energi.

«Fellesskapet sitt eigarskap» vert ikkje gitt bort av Høgre og fleirtalet, slik Dolonen-Marthinussen hevdar. Tvert om sikrar vi at fellesskapet, dvs. Kvinnherad kommune direkte og innbyggjarane i Kvinnherad, får ein større og meir verdfull eigarskap. Dei årlege avkastingane av fellesskapet sitt eigarskap vert høgare. Slik får fellesskapet meir pengar til helse og omsorg, oppvekst og skule og andre gode tiltak i kommunen. Nettleiga vert den lågaste i landet. Vanlege husstandar i kommunen tener tusenlappar. Nettleiga er ein flat skatt, utan botnfradrag. Ho tyngjer mest dei som har minst frå før. Industri og næringsliv sikrar arbeidsplassane. Kvinnherad vert meir attraktiv for nyetableringar. Vi kan ikkje konkurrera om arbeidsplassar om vi legg opp til høgare nettleige enn nabokommunane.

Private hender? Dolonen-Marthinussen får det til å høyrast ut som at Høgre og fleirtalet vil kvitta seg med Kvinnherad Energi AS og få selskapet over på private hender. Det er så feil som det kan verta. Alle nettselskap er like mykje eigd av «fellesskapet» som KE. Det er kommunar og stat som eig all nettverksemd i Norge. Alt overskot og utbytte av nettdrift går attende til fellesskapet. Folk flest kjenner til korleis vasskraft vert produsert og omsett i Norge. Dei går ikkje «på limpinnen» av slike usaklege argument.

Samarbeid mot Hardanger er opposisjonen sitt svar på utfordringane KE står overfor. Det vert som den blinde som skal hjelpa den halte. Vi gir frå oss kontrollen til Ullensvang og Odda, taper arbeidsplassar (såkalla effektivisering) og får høgare nettleiga enn i BKK. Skal vi først gje frå oss kontrollen med nettdrifta, vil vi heller at Bergen og dei folkerike kommunane skal hjelpa oss å halda nettleiga nede. Alle nettkundar i eit selskap får lik nettleige, sentrale strok subsidierer utkantkommunane. Dess fleire å dela på, dess lågare nettleige. Så enkelt er det.

Travelt, ja, vi har det travelt med å rusta Kvinnherad for framtida. Vi vil at folk skal få lågare straumrekningar. Vi vil sikra arbeidsplassar og skapa nye. Vi vil ha millionar i utbytte rett i kommunekassen i Kvinnherad i årevis frametter, til beste for fellesskapet. Vi vil halda fast på fallrettane som Kvinnherad kommune eig i Muradalen. Kvinnherad kommune, fellesskapet vårt, skal framleis eiga og driva kraftproduksjonen der. Denne vil også gje millioninntekter i åra frametter. Vi vil inngå eit spennande samarbeid med SKL om hydrogenproduksjon i Matre.

Dette er ikkje å gje frå seg verdiane til fellesskapet. Dette er ikkje å privatisera. Dette er å sikra verdiane våre for fellesskapet, for framtida. Når rammevilkåra endrar seg, lyt vi gjera det samme. Det er synd at opposisjonen berre ser attende, berre ser på slik ting alltid har vore. Ver heller med oss og sjå framover.

Per Ove Kviteberg, Høgre

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags