– Store selskap er ikkje nødvendigvis ulvar

Av
DEL

LesarbrevDet er mange som er uroa over kva som vil skje med nettselskapet vårt i Kvinnherad. Den same debatten går føre seg i Sogn og Fjordane der det no er dialog mellom BKK og Sunnfjord Energi om samanslåing. Medan Sogn og Fjordane Energi (SFE) prøver å skapa eit skremmebilde av BKK som ein stor stygg ulv.

No har ni ordførarar frå dei tidlegare eigarkommunane til Nordhordland Kraftlag, Masfjorden Kraftlag og Gulakraft – selskap som er gått inn i BKK – skrive eit debattinnlegg i Firda der dei tilbakeviser påstandar som er kome fram om at BKK som eigar ikkje vil ta tilstrekkeleg omsyn til distrikta og små eigarar om Sunnfjord Energi går saman med BKK.

– Vår oppleving er at BKK er både ryddige, tek samfunnsansvaret sitt på alvor og behandlar alle eigarar – små som store – likt. Selskapet er ein god beredskapsaktør og løyser situasjonen ved storm og uvêr framifrå. BKK held jamlege eigarmøte, og leiinga er oppteken av å koma rundt til eigarane og held god dialog med oss, skriv dei ni ordførarane.

– Etter at me vart del av BKK har kommunane våre fått høgare utbyte, lågare nettleige og eit betre og sikrare straumnett. I tillegg er det fleire arbeidsplassar ved avdelinga i Nordhordland i dag enn det var før BKK tok over, mellom anna på grunn av BKK si satsing på fiberutbygging. BKK investerer årleg store summar i nett, kraftverk, fiber og ny teknologi. Det gode straumnettet, låge nettleiga og fiberutbygginga vår, har hatt særs stor tyding for etableringar og konkurransekraft for næringslivet i Fensfjordbassenget og elles i BKK-området. BKK er også med i lokalsamfunna gjennom lokale næringsselskap. Både verdiskapinga og utbytet i BKK er i fremste rekkje i landet, held dei fram.

Dei skriv også at BKK bidreg sterkt til lag og organisasjonar i dette området, og spesielt til frivillig arbeid blant barn og unge.

Ordførarane skriv også at BKK tener kommunane godt ved å bidra til lokal vekst i arbeidsplassar og verdiskaping.

– Røynslene våre er at det same gjer BKK over alt dei er, seier dei.

Då kjem mitt spørsmål til om lag halvparten av representantane i kommunestyret i Kvinnherad: Er det dette BKK de fryktar meir enn noko?

Lars Emil Berge

Artikkeltags