Kvinnherad Energi: Ber om ny juridisk vurdering

Gaute Lund (SF) og Hans Inge Myrvold (Sp) vil begge ha ei ny juridisk vurdering av vedtektene i Kvinnherad Energi AS.

Gaute Lund (SF) og Hans Inge Myrvold (Sp) vil begge ha ei ny juridisk vurdering av vedtektene i Kvinnherad Energi AS. Foto:

DEL

Som tidlegare skrive, er ikkje opposisjonen fornøgd med den juridiske uttalen Kommunedirektøren har henta inn.

I ei pressemelding frå Gaute Lund, Sosialistisk Fellesliste (SF), går det fram at opposisjonen, som er imot sal av nettdelen i Kvinnherad Energi, ønskjer ei ny juridisk vurdering av vedtektene energiselskapet. Dei er ikkje fornøgde med vurderinga som er gjort av Advokatfirmaet Schjødt AS på vegner av kommuneadministrasjonen.

«Som sagt tidlegare, vi partia i opposisjonen har snakka med fleire juristar som stiller store spørsmålsteikn ved sentrale vurderingar som ligg i uttalen frå Schjødt. Ein av dei, Steinulf Tungesvik i HLT, er i gang med å sjå på saka for å skriva ein alternativ uttale. Kven skal så vera oppdragsgjevar og betalar for det? Vi meiner at det må Kvinnherad kommune ta på seg. Dersom det er berre dei som er for å selja Kvinnherad Energi som kan bruka kommunen sine pengar for å fremja sitt syn, så har vi eit alvorleg demokratisk problem», skriv Lund i pressemeldinga.

Det har ikkje lykkast Kvinnheringen å få kommentar frå Kommunedirektøren.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags