Gåvedryss frå Kvinnherad Energi

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Kvinnherad Energi har tildelt kultur- og idrettstilskot for 2017 og melder følgjande om prosessen: I år var det mange gode søknadar frå mange av bygdene i Kvinnherad. Søknadsmassen viser at det er stor aktivitet i idretts- og kulturlivet i området. I år var det Strand-Ulv Hallen som fekk det høgaste tilskotet på kr 50.000,-. Idrettslaget har som kjent planar om å få bygd ein sandvolleyball-hall på Hatlestrand.

Trio Sunde/Valen G13 fotball: 5.000 til Sør Cup

IL Trio Volleyball: 5.000 til sommarleir J/G 17

Fitjaåsen velforening: 10.000 til trygg leikeplass

Rosendal speidargruppe: 20.000 til varmepumpe klubblokale

Kvinnherad Turlag: 16.000 til barne- og ungdomsprosjekt

Lions Kvh/Halsnøy Stord/Fitjar, Bømlo m/Trio: 10.000 til «Løveleikane»

Strand-Ulv-Hallen: 50.000 til sandvolleyballhall

IL Trio Turn: 10.000 til kurs, utstyr, reiser

Omvikdalen IL/Uskedalen IL: 5.000 til sommarleir skiløparar 12–15 år

Strand-Ulv Volleyball: 10.000 til utviklingsmidlar, treningsutstyr

Trio Husnes G06 Fotball: 12.000 til draktsett

Kvinnherad Handballklubb: 15.000 til skap/kassar for utstyr

Korsnes Vel: 10.000 til oppbygging av leikeplass

Rosendal  TL Fotball: 5.000 til fotballmål trearfotball

Kvinnherad Skyttarlag: 10.000 til rekruttgevær

Trio G15 Fotball: 5.000 til Sør Cup

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags