– Fusjon av Kvinnherad Energi er umogleg

Av
DEL

MEININGAR:Det har vore utstrakt brukt av nytale og eufemismar blant mine kollegaer i Kvinnherad-politikken: Ein er oppteken av å påstå at Kvinnherad Energi (KEAS) ikkje skal seljast – men det kan fusjonerast. Dette er kort og godt tullsnakk.

Både fusjon og oppkjøp tyder at ei verksemd smeltar saman med ei anna. Definisjonane varierer litt. To viktige moment: Ved oppkjøp vil vanlegvis kjøpar-selskapet bestå, og absorbera verksemda i selskapet som vert seld. Ved fusjon vert vanlegvis ei ny verksemd danna. Ein annan skilnad er at ved fusjon vil eigarar/leiing frå båe selskapa utøva styring/kontroll over den nye verksemda. Ved oppkjøp vil kjøparselskapet sine eigarar/leiing halda fram å ha kontrollen. Dette er den viktigaste skilnaden – kven som har kontrollen etter fusjonen.

Ei masteroppgåve ved handelshøgskulen i Bodø, «Fusjoner og oppkjøp i Norge» (Bruhaug og Fagerjord, 2013), seier at det å skilja kan vera vanskeleg, men slår fast: «Den viktigste forskjellen er at ved oppkjøp gir aksjonærene i målselskapet fra seg all kontrollen, mens man ved en fusjon opprettholder kontrollen. Et oppkjøp har også en annen innvirkning på organisasjonsstrukturen enn det en fusjon har.» Eller frå investopedia, ein fusjon (merger) fører til «a new, joint organization in which – theoretically – both are equal partners.»

Med andre ord: Det er absurd å kalla det enkelte vil gjera med KEAS for ein «fusjon». Det er eit oppkjøp, eit reint sal, der vi får oppgjeret i aksjar. Hadde vi fått oppgjeret i kontantar, kva ville vi då gjort? Jau, i hovudsak sett dei i aksjar. Same resultat, berre andre aksjar. Vi får avtalefesta visse atterhald, som at dei tilsette skal få behalda jobbane sine eit antal år. Men slike ting er ikkje noko vi oppnår fordi vi kallar det «fusjon», det er vilkår vi får inn nettopp fordi det er eit sal: Vi har ingen kontroll over BKK/Haugaland kraft, og ingen påverknad av betydning, difor må vi forsøka å sikra stumpane med avtalar som er lite hald i på lang sikt. Hadde dette vore ein faktisk fusjon, hadde desse avtalane vore svært annleis eller unødige.

Dei som vil selja Kvinnherad Energi, må gjerne jobba for det. Det er ei komplisert sak med mange sider. Men når ein febrilsk prøver å kamuflera salet som ein «fusjon» så ser det berre tåpeleg ut.

Underteikna er ikkje i tvil: Vi skal ikkje selja selskapet, men behalda lokal kontroll og påverknad, og så utvikla selskapet. Meir om dette seinare. Berre eg slepp høyra meir av dette fusjonsvaset.

Gaute Lund

Kvinnherad Raudt/Sosialistisk Fellesliste

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags