Kvinnherad Energi: HLT utdjupar kvifor 2/3 fleirtal er påkravd

(Arkivfoto).

(Arkivfoto).

DEL


HLT Advokatfirma AS, ved advokatane Christian Hausvik og Steinulf Tungesvik, har laga endå eit notat om kvifor det trengst 2/3 fleirtal i generalforsamlinga/kommunestyret for gjennomføring av fisjon/fusjon og endring av vedtektene. Det gjeld òg § 10 a, som seier at «Kvinnherad kommunestyre er selskapet si generalforsamling».

Den nye rapporten er utarbeidd etter at advokatfirmaet har fått tilgang til ytterlegare dokumentasjon i saka, slik som protokollar frå mange tidlegare generalforsamlingar. Her går det fram at den etablerte praksisen har vore at heile kommunestyret har møtt på generalforsamling med kvar si stemme. Advokatfirmaet Schjødt konkluderte tidlegare med at slik praksis er i strid med Aksjelova, og at vald person åleine, vanlegvis ordføraren, utgjer generalforsamlinga i Kvinnherad Energi. Bak seg treng han ikkje meir enn simpelt fleirtal frå kommunestyret – uansett kva saker det gjeld.

«HLT og Schjødt er samde om mykje av jussen. Men vi er ikkje samde om representasjonsordning og røystereglar, der HLT meiner Schjødt ikkje legg tilstrekkeleg vekt på samanhengen i vedtektene, uttalt føremål og dokumentert langvarig og konsekvent selskapspraksis», skriv HLT m.a. i notatet.

Uttalen frå HLT er bestilt av opposisjonen.

Les heile notatet på seks sider her.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags