Senterpartiet bryt samarbeidet med Høgre

Dette bildet er frå då Kvinnherad Senterparti og Kvinnherad Høgre inngjekk samarbeid etter kommunevalet i 2015. No har forholdet rakna. F.v. Hans Inge Myrvold (Sp), til høgre Peder Sjo Slettebø (H). (Arkivfoto).

Det melder vara-ordførar Hans Inge Myrvold (Sp) i ei pressemelding.

DEL

– Senterpartiet i Kvinnherad har i dag bestemt å avbryta samarbeidet med Høgre. På grunnlag av vedtaket som vart fatta i Kvinnherad kommunestyre torsdag kveld, i saka om Kvinnherad Energi, valde Høgre andre samarbeidsparti, utan å ta omsyn til Senterpartiet. Dette trass i at Høgre ved fleire høve har uttrykt å slutta seg til Senterpartiet sitt syn i denne saka. Senterpartiet har programfesta å ikkje selja (fusjonera) Kvinnherad Energi, slik som Høgre røysta for saman med FrP, Venstre, Miljøpartiet Dei Grøne og delar av KrF. Det har vore eit anstrengt samarbeidsforhold den siste tida, då denne åtferda og har skjedd i andre saker til behandling i kommunestyret, skriv Myrvold i ei pressemelding torsdag kveld.

Artikkeltags